Tur til Hestheia

Det starta med regn og skodde som varte utover dagen, så vi venta ikkje det vanlege oppmøtet. Men då vi var samla ovanfor Biktjørn i Grassåsen, var vi 19 blide folk som starta innover ein litt steinete traktorveg der det var greitt å gå utan å bli våt på beina. Vegen gjekk delvis bratt opp og bratt ned, kryssa bekken frå Stemtjødna og forbi ei eldre slåte. Etter små pausar var vi framme på Hestheia i halv 12 tida. Her venta Jan Terje Biktjørn på hytta saman med Berje Røynestad og Lillian Sindland.

Vi fekk plass, nokre inne, andre ute, dei fleste under tak. Etter ein liten matpause, fekk Leiv Gunnar Skiftun overta med «høgmessa». Han meinte det passa godt å ha denne her i skodda, eller «skyene», som minte oss om kvifor vi feirar denne heilagdagen.

Folk blei litt kalde etter kvart, og dei kaldaste byta plass med dei inne.


Jan Terje og Berje fortalde mykje interessant om garden og heia. Årli fortel at i 1802 blei jorda her taksert for 320 rdl. pr. hud, og var den dyraste jorda i Vesterdalen. Begge grunneigarane her meinte det var steinete jord og eit evig slit å få nok å leva av for både folk og fe. Hestheia der vi var, var beiteplass for hestar, sauene var andre stader i heia.

Vi les i bygdeboka at fleire frå garden var i Holland på 1600-1700-talet. Og nå fekk vi høyra at det hadde vore hollendarar i heia rundt oss. Det er fleire fine steingardar som ikkje går der det er byter. Eldre folk på garden hadde fortalt at dei var frå «hollendartida» der dei dreiv jakt. Nokre stader var det opningar i steingarden der dei sette feller for dyra dei jakta.


Denne dagen var det ingen som såg den fine utsikten,  der Jan Terje sa dei kunne sjå frå Lyngdalsendaren i sør til Knabeheia i nord med Blåberget og Hekkfjellet i aust.

Berje gjekk med oss nedover og då svinga vi av på den gamle ferdslevegen som gjekk frå Biktjørn til Versland, og kom ned Kleiva til dei øvste bruka på garden.

Vi måtte opp att til Grasåsen til bilane. Tjødna her var mest heilt tilgrodd før Jan Terje grov vekk slam og mudra slik at tjødna er mest som for 100 år sidan. Nå er det fisk her og turistane frå utlandet, som leiger huset her, mest familiar, har ein fantastisk fredeleg stad.

På veg heimover, klårna det opp. Likevel hadde vi ein flott tur i eit fint terreng saman med mange flotte folk. Vi takkar Berje og Jan Terje, og Leiv Gunnar som var med. Han har vore med oss i skodda før.

Les i Bygdeboka II s. 276 om Ånen Biktjørn som mista kona, 7 barn og svigermora i ein brann på 1770-talet.

Torkild Olsen var med i krigen ved Glomma 1814, s. 278. Olav Berg Biktjørn har fortalt fleire sagn som står i boka «Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal», blant anna om Kjeringtjødna, om underjordiske og om namna Rysefallet og Oksesteinen.

Ref.: ABE