Tur Guse – Dyrstad – Lande

Turen denne søndagen gjekk i grenseområdet mellom gamle Kvinesdal og Feda kommunar. Turen starta på Guse. Kart blei delt ut og vi gjekk på bilveien til Dyrstad. I første kneika sto skilt med Jenteveien og seinare fleire nylakka skilt med opplysning om namn. Ein god ide for fleire?

Garden Dyrstad heitte tidlegare Dyrstøl og har hatt fast busetning frå 1600-talet. På 1800-talet blei garden delt i 3 bruk. Frå 1903 til 1953 var det skule her. I dag har Dyrstad ei flatlendt og veldrenert innmark. Det er resultatet av ei radikal utskiftning sist på 1800-talet fylgt av eit stort og langvarig dyrkingsarbeid tidleg på 1900-talet. Då blei den store kanalen graven og for det meste steinsett. Det ville vore synd om dette kulturminnet skulle gro over med skog. Frå Dyrstad gjekk før ein mykje brukt sti til Lande. Folk frå Dyrli brukte og denne, men gjekk ikkje ned til Dyrstad.

Frå Dyrstad gjekk stien opp i granskog, i kanten av Stemmyra, så opp ei li med både gran- og lauvskog og på vestsida av Krosstjødna. Sjølv om tjødna ikkje ligg høgare enn 311 m over havet, er terrenget her meir som på høgfjellet. Stien gjekk over stemmen i osen av tjødna, men først var det matpause.

På Steinsheia som ber sitt namn med rette, står tre flotte vardar. Dette er litt aust for stien mot Lande, men vi tok turen opp. Her er fint utsyn mot Staddeland. Det var nokre som tok turen om ”Syllgruva”, eit dagbrudd der dei har leita og visstnok ikkje funne sylv eller anna av verdi. Stien til Lande kryssar Staddelandsvassdraget på Berva, eit vad med store steinheller. Stien gjekk vidare på berg, små myrdrag og beitemark til Øvre Lande og vidare til Nedre Lande og ”Den Vestlandske hovedvei”. Her sto bilar som tok folk tilbake til Guse.

Gardane Lande og Vatland var sentrale gardar etter ”Den vestlandske hovedvei” kom ca 1830. Det var ikkje bare folk frå Dyrstad og gardane rundt som gjekk den gamle stien, men andre frå Kvinesdal brukte også denne fram til 1905 då vegen over Kvinesheia blei bygd. Dei siste 40-50 åra har stien vore lite i bruk. Takka vere ein del vardar og tips og hjelp frå lokale folk, trur vi at vi har funne stien og har rydda litt.
Vi var 27 som brukte litt over tre timar på fotturen. Då hadde vi fleire stopp. Det var eit greitt turver med så vidt litt duskregn, men mest skya.

Ref.: ABE