Tur til Hardanger

1.dag 9/9
Start frå Kvinesdal med 23 personar + sjåfør Asbjørn Thomassen, i fint kjørever. Vi kjørte E 39 til Stavanger, vidare Renn- fast, mange og lange tunnelar, men ein etterlengta og frisk pause på ferja frå Mortavika til Arsvågen. I Aksdal svinga vi austover forbi Etne, Ølen og mot Odda. Det var noen veldig tøffe vegstrekningar, bratt og svingete og smalt før Åkrafjorden, så at vegen langs fjorden også er lagt i tunnel er forståeleg. Første stopp var ved Låtefossen i Hardanger obligatorisk å stoppa der, før vi hamna i Odda. Der hadde vi bestilt lunsj i Smeltehuset. Ferda gjekk vidare langs Sørfjorden, forbi Ullensvang til Hardangerbrua som fekk oss over Eidfjord . Hardangerbrua er 1380 m lang, vart opna i 2013 og var då verdas lengste hengebru. Neste stopp var Brakanes hotell, Ulvik, med middag og overnatting.
Men først skulle vi på besøk på Syse gard med frukt og sidersmaking. Plassen er den nordlegaste staden for epledyrking, blei det fortald. Hardanger produserer 88 % av norsk sider. Vi fekk foredrag av Hans Uglenes og kona Gro sørgde for servering av sider , eplemost og eplesaft , og litt pinnekjøtt og flattbrød. Ute kunne vi forsyna oss av eple og plommer.

2.dag 10/9.
Etter frukost reiste vi mot Voss og Gudvangen, gjennom Gudvangentunnelen 11, 4 km. I Flåm hadde vi ein god stopp, litt shopping og besøk på museet der dei viser byggjinga av Flåmsbanen. Vidare mot Aurland og gjennom Lærdalstunnellen 24,5 km, verdas lengste vegtunnel, og så tok vi ferje over Sognefjorden, kjørte gjennom Sogndal og på nordsida av Lustrafjorden før turen over Sognefjellet. Vi leita etter ein stad for lunsj før fjellet, og det fann vi på Lustraporten , ein kombinert bensinstasjon og kafe med gode smårettar. I Skjolden i enden av Lustrafjorden starta den mest spektakulære delen av turen vår. Det steig frå 0 moh til 1397 moh på ei ganske kort strekning, Flink sjåfør fekk oss godt gjennom alle svingane opp mot toppen, dessverre var det ein del skodde og småregn så pausen vår på 1100 m vart kort. Men utsikten var mektig, på ein liten isbre såg vi noe som lea på seg og slo fast at det var reinsdyr. Fin tur vidare over fjellet med haustfargar og vidt utsyn. Det var noen tøffe nedstigningar også, ned Leirdalen og Bøverdalen mot Lom. Middag og overnatting på Fossheim hotell der vi skulle vera 2 netter,.

3.dag 11/9
Vi starta med besøk i Lom stavkyrkje, fekk 20 min med ein veltalande og kunnskapsrik guide med rett dialekt. Kyrkja vart bygd rundt 1100, i katolsk tid, fint utsmykka, men ikkje stolar. Då reformasjonen vart innførd i 1537, vart kyrkja «reinska» , inventaret frå katolsk tid blei kasta på elva, Preika skulle stå i sentrum, og dei måtte ha benkar. Folk har levert tilbake noe av det som blei «kasta» og kyrkja er vel verd å sjå.
Etterpå var det tur på eiga hand. Mange besøkte steinsenteret som Torgeir T. Garmo har bygd opp. Der fann vi molybden frå Knaben, Knaben var velkjent for dei. Lunsjen hadde dei fleste på det berømte bakeriet i Lom, kanelsnurrane er populære, men dei hadde også varm mat. Og Lom bygdemuseum var spennande , der var utstilt ting som var funne i fjellet etter at breen har smelta ein del.
Etter god laksemiddag på hotellet, fekk vi besøk av Torgeir T. Garmo frå Lom heimbygdslag. Anne Berit og sjåføren hadde arbeidde med å få tak i noen frå Lom som kunne fortelja for oss. Dei fann den beste , han reiv seg laus frå valget. Han har drive Fossheim hotell, og bygd opp steinsenteret. Og hatt ei hand med i det meste i Lom. Vi fekk høyra ein engasjert og kunnskapsrik person som var opptatt av å verna naturen, kulturen og lokalmiljøa.

4.dag 12.sept.
Denne dagen og dag nr 5 blei mye busskjøring. Me kjørte Valdresflye og fekk nyta flott natur, ved Sjoadalen fjellstugu hadde vi ein kort stopp, der lukta det kanelsnurrar. dei var ferske og laga på staden, og gjekk unna. Eit hyggeleg avbrekk. I Valdres stoppa vi for lunsj, og resten av dagen blei på bussen, Både dag 4 og dag 5 som blei lange transportetappar, fekk vi korta ned med Anne Erfjord sine Quiz og Tønnes Kvinlaug sine småstubbar .
Middag og overnatting på Quality Grand Hotell på Kongsberg

5.dag 13.sept.
Kjøring neste dag om Notodden, Seljord, Kviteseid og Treungen. I Kviteseid møtte Jakob Olimstad opp og ville treffa kvindølar på tur. Etter ein ganske god stopp her, var alle mest opptekne av å koma heim. Vi hadde ikkje bestilt lunsj denne dagen , og spesielt sjåføren var opptatt av å finna ein plass. I Treungen ringte noen Treungen Gjesgiveri om dei kunna ta imot 24 personar til lunsj. Og dei svinga seg rundt og laga karbonadesmørbrød til heile gjengen. Dei sette pris på besøket, og etter is og kaffi var vi blide og klare for siste etappe, mot Evje og Kvinesdal.

Ref.: Turid Stakkeland
Bilder : Fleire