Buhei

Tur til Buheii, søndag 28.aug 2022.
Dette var siste gåturen i 2022, med strålande ver og god gåtemperatur.

Me samlast ved Risateltet litt nord for Netland , 15 bilar med litt over 50 personar blei med. På den første stoppen fekk Martin Arne Mygland ordet først.

Han snakka litt om vindmøllene som er 19 i tallet, 105 m høge, 150 m vingespenn. Dei produserer straum nok til 14000 husstandar . (Til samanlikning er det 3000 husstandar i Kvinesdal kommune) Dei har avtale med Tinfoss om levering av el-kraft fleire år framover. Vindmøllene vart bygde frå 2018- 2021. Før det var det arkeologiske undersøkjingar i området, det arbeidet er ikkje ferdig.

Torfinn Hageland fekk så ordet og tok oss med tilbake i tid. På 11-1200 talet var det overskot av reinsdyr på Hardangervidda, dei trekte sørover. Det har vore reinsdyr her med jamne mellomrom fram til tidleg på 2000 talet. (2003 såg dei reinsdyr på Oksefjell.) Reinsdyra vart færre og sjeldnare som åra gjekk, og i 2008 blei Fjotland vesthei nedklassifisert til marginalt område for reinsdyr.

Me kjørte litt til og gjekk opptil ein stor hellar, eller tre mindre. Her sat nok skyttarane klare med pil og boge og venta på at reinsdyra skulle springa forbi under det årlege trekket mellom nord og sør.
Det er teke prøvestikk i hellergolvet. Øvst : Opptil 10 cm feittlag m/ kol, brende bein. 1216-1282. Mellom: Rundt 1cm opphald mellom jaktperiodane. Undst; Opptil 20 cm feittlag m/ kol, brende bein. 1184-1275.

Men kulturhistorisk museum blei i tvil. Kvifor brende bein? Dei jakta meir for bein enn for kjøtet. Er det reinsdyr? Kan ikkje artsbestemmast når det er brent. Var det livdemurar for overnatting ? Vi får venta på resultatet når utgravingane er fullført.

Dei to neste stoppane var på toppen, nesten 800 moh, ved to brudle ved Risnes-Ovedalvegen. Det første blei funne av Tore Kvinlaug , 20-28 steinar. Det andre var to parallelle brudle, dobbeltbryllup, 22 og 72 steinar med ei skålgrop i 7.steinen. Rekord er 73 steinar, på Josdal. Siste stoppen var ved ein bålring frå steinalderen.

Etter matpause på toppen, kjørte fleire av bilane ned att, men 37 personar blei med på gåturen ned mot Risnes. Jan Arve Røiseland tok over kommandoen, liten stopp og oppsamling ved «fandens spillebord». Fint terreng, på berg og lynghei først, så nedover mot Falkefjellstien. Me kryssa ikkje elva, og kom inn på ein nokså ny skogsveg den siste km. Veldig bratt, men tørt. 2 timar brukte me på gåturen ned til Nesjenvegen. 8 bilar stod att på toppen , sjåførane blei frakta opp og bilane henta.

Stor takk til Martin Arne Mygland og Torfinn Hageland. Sistnemnde gav meg manuskriptet sitt, det er blitt flittig brukt i dette referatet.

Ref.: Turid Stakkeland
Foto.: John Høyland og Torfinn Hageland