Olsokfeiring på Fjotland bygdetun.

Måndag 29.juli kom med sol og varme, midt mellom to dagar med torever og regn. Rundt 120 personar møtte opp ved bygdetunet for å høyra på Hægebostad trekkspelklubb, og søskenbarna Ingeborg Haughom og Knut Olav Mygland. Dei fortalde om Johan Jerstad som var gift med Anna Tønnesd. Mygland, søster til Knut Mygland, bestefar deira. Johan og Anna hadde ein son, Gjermund, som omkom i ein flystyrt i 1963, 28 år gamal. Dermed var dei barnlause, og Knut Olav spesielt blei nærmast «adoptert» som barnebarn.

Johan og Anna budde i Oslo, hadde eit svært gjestfritt hus, for høg og låg, spesielt fjotlandingar var velkomne. Men dei var på hytta på Kvekkjerinnen, Mygland, om sommaren. Då var han bonde på 1890talsvis. Han kledde seg i vadmål, arbeidde med ljå, slo fleire plassar bl.a. på Engedal. Han kjøpte det gamle skulehuset på Helle, og innreia det som sauehus og høyløe. Kjell Kvinlaug passa sauene om vinteren.

Vi fekk høyra om kulturminnesamlaren, målmannen, sogemannen og bygdebokskrivaren:Sogebok og Lesebok for Fjotland vart ferdig, og han var godt i gang med gards- og ættesoga, bok 3, før han døydde,  halvbroren Tor Veggeland fullførte den.

Stakkelandsbue, det eldste huset i bygda, fekk han redda og flytta til Mygland, velvilje frå Fjotland og Kvinesdal kommune, men ingen økonomisk støtte. Dei fekk utbetalt forsikringspengar etter sonen Gjermund, og brukte desse pengane på bue, Trygve Eftestøl hjelpte til med flyttinga. No står ho på Fjotland bygdetun og blir tatt godt vare på, det hadde Johan likt godt.

Men hans eigentlege yrke var elektro- og sivilingeniør, han nivellerte og utarbeida atlas for alle vassdraga i Noreg. Han hadde ideen til utbyggjinga av Sira og Kvina, men han ville ha det delt, vann ikkje fram med det ønsket.         (Ingeborg og Knut Olav vil skriva om Johan Jerstad, det kjem i årskriftet for 2020)

Så var det rømmegraut, hellekaker, flatbrød og spekemat på Fjotland bedehus. Kjellaug Hystad, Irene Hjemlestad og Astrid  Netland stod for maten, bare lovord å høyra.

Tur til kulturminne, Anne Berit naturlos. Halv 9 var det annonsert ein kort tur til eit kulturminne, rundt 30 blei med. Vi gjekk forbi Tor Norås sitt hus, svinga opp ein veg til høgre mot toppen, gjekk eit par hundre meter i terrenget. Der fekk vi sjå ein imponerande demning, laga av kilt stein, 18-20 m lang, tre meter høg  på midten, nesten 1 meter brei øvst, breiare nedst.

Torje Fjotland (1866-1945) bygde stemmen etter at den første som var laga av tre og torv, rasa saman og laga flaum med ein tragisk utgang. Tenestejenta hans Åsa 65 år og son hans Karl Oskar 1 år omkom. Åsa sprang til bekken, skulle berga noen klede etter klesvasken, men blei tatt av vatnet. Ho blei funnen i ei bjørk, Karl Oskar i Fjotlandstjødne ein mnd seinare.( Sjå Mange bekker små s. 97)

Ref.: TS
Bilde : HJE