Storhei

Søndag 30. juli gjekk Kvinesdal Historielag til Storhei. Denne heia var tidlegare møteplass for folk frå gardane som låg rundt heia. I fleire år frå 1919 var det kristne stevner her.

Gardane hadde før kvar sine stiar til topps. Vi gjekk frå Lille Nordhelle (Øygarden) på skogsveg opp Kjørkelia. På toppen av lia fant vi sti litt bratt opp gjennom skog, kratt og myrdrag. Etterkvart minka skogen og fjellet var lett å gå på fram til varden. Nokre tok ein ekstra sving om Torsteinen. Varden på Storhei 498,86 m o h blei truleg sett opp i 1860-åra i samband med første skikkelege kart som blei laga.

Det var litt bris på toppen, men det var bare friskt denne varme dagen. Det blei ein lang pause der folk såg i kikkert, delte minner og fekk høyra om hendingar. Det var ekstra moro at det var med folk med tilknytning til så å seia alle gardane rundt. Turen tilbake gjekk først heilt sør på heia der Torstjødna som alltid var breidfull med kaldt vatn. Her er ei trong glove, Smugaren, der folk frå Londal alltid gjekk når dei skulle opp og ned til Storhei. Ein liten flokk tok denne vegen ned. Så møttest vi att ved Smørsteinen og fulgde skogsvegen ned att til Øygarden.

Dei ca 35 som var med på turen fekk oppleva fin natur med elgar, molter, blåbær, spesielle steinar og interessante folk frå mange kantar. Vil nokon gå turen på eiga hand, er turen merka der han går på sti. Vi brukte 4 timar og hadde då lange pausar.

Ref.: ABE