Olsokfeiring Nedre Kvinlog bru

Måndag 29. juli kl. 19.00 var mellom 90 og 100 personar samla ved nedre Kvinlaug bru, det var opphaldsver og god temperatur. Tor Mygland ønskte velkommen, og Hægebostad trekkspelklubb overtok med feler, trekkspel, kontrabass og ein mandolin. Musikken inneheldt tradisjonell gamaldansmusikk av ulikt slag og fall i smak hos forsamlinga. Ole Bertin Helle fekk så ordet, han var på heimebane denne kvelden. Vi fekk høyra historie frå nær fortid på Helle, først om då elva Kvina tok nytt løp her. Mange folk i Fjotland tok seg arbeid på Knaben for å tena pengar, men på Helle hadde nesten alle bøndene sag som gav inntekt i tillegg til jordbruket. Dei saga mellom anna stav til tønnefabrikk i Flekkefjord. Noen pussige episodar fekk vi også høyre. Ole Bertin sjølv var 11 år då han fann ein gullring som var mista for mange år sidan. Han var med for å sjå korleis kornet vaks i åkeren, og drog opp eit strå. Der hang gullringen fast. Ein annan gullring fann mor til Ole Bertin i ein gjødselhaug på jordet, den hang fast på greipa. Tor Lindefjell hadde mista den då han hjelpte til som «dyrlege» for ei ku som skulle kalva.

Ole Bertin hadde ei fin blanding av historie og underfundige historier, og folk treivst. Den tradisjonelle serveringa med rømmegraut, litt spekemat og litt kaffimat stod Kvinesdal Gjestehus ved Ludvig Jerdal for dette året. Det klarte dei med glans.

Ref.: Turid S.
Foto. Johannes Hamre