Naturlostur fra Josdal til Salmeli

Denne  turen  var eit  samarbeid  mellom Sirdal  og  Kvinesdal  Historielag og Agder friluftsråd, ein naturlostur. Torfinn Hageland og  Solveig Egeland  var med oss  som  naturlosar. Vi  følgde  den  gamle  kyrkje-  og driftevegen. 

Den  største spenninga  denne dagen var veret. Fleire  hadde  signalisert  at dei  ville  vera  med  om  det  ikkje  regna, 15 – 16 km  eller  5 – 6 timar  i  regn  var ikkje  så  fristande.

Det  kunne  bli  20 – 30 personar, eller  det  dobbelte.

Bussen  frå  Kvinlog  kl. 10.30  vart  meir  enn  full.  Enten  så  stolte  ikkje  folk  på  vermeldingane,  eller  så  ville  dei  gå  uansett. På  Tonstad  stod  det  også  ein  del  personar  kl. 11.00,

dei  måtte  kjøra  sjølv  til  Atlakstølen/ Josdalstippen. Sjåføren  fekk ordna  med  ein  ekstra  buss   frå  Salmelid  tilbake  til  Kvinlog. 101  personar  var  med  på  turen, hadde  nokon  kome  til.   

Terrenget  var  flott  og  lett  å  gå  i, første  delen  opp  til  Rabnestøl  gjekk  på  traktorveg, svak  oppstigning  heile  vegen. Rabnestøljuvet  var  slett  ikkje  så  avskrekkande.  Men  gjekk dei  verkeleg  opp  der  med  kyr?

Etter  det  var  det  høgfjell  med  lite  vegetasjon,  før  det  halla  svakt  nedover  att  mot  Atlakstølen som  høyrer  til  Guddal/ Rostøl. Siste  delen følgde  vi  ein  tydeleg  sti  langsmed  ein  bekk, litt myrete  deler av  vegen.

Naturlos  Torfinn Hageland  gjorde  det  han kunne  for  å  halda  folk  samla  og  informera  oss  undervegs.  Men  regnet  som  kom  etter  kvart  og  kulden  gjorde  det  vanskeleg,  vi  vart  ei  veldig, veldig  lang  rekke. Men  ein  del  av  oss  fekk  høyra  om  brudlene,  og  studera  utsikten  mot  Knaben, eller  kanskje  vi  skal  seia  utsiktsplassen. I dag  var  det  stort  sett  grå  skodde  vi  såg.

På  Salmeli  venta  dei  med  lappar, kaffi  og  saft  til  omkring  70  personar, som  alle  forstår  vart  det  for  lite  lappar,  men  nok  kaffi  og  saft. Solveig  Egeland  måtte  gi  opp å   samla  folk  til  felles  informasjon.

Regnet,  kulden  og  ikkje  minst  skodda  øydela  litt  for  oss, men  så  mykje  såg  vi  at  det  fristar  veldig  å  gå  turen  om  att. Men utan  regn  og  skodde.S