Tur til Bøensfjellan

Etter et par pinsedagar med gråvær, blei denne 2. pinsedagen ein dag med sol, litt kjølig og så lite vind at det var så vidt eit par av vindmøllene sveiv.

Vi køyrde opp Kjerringdalen i gamle Herad og parkerte rett før Ravneheitunnellen. 40 personar og 4 hundar var klare til å gå og fekk litt orientering om turen. På denne turen hadde vi Bjørn Frestad til naturlos. Han vaks opp på Åpta og når han som ungdom skulle ut på livet i Farsund, var det denne vegen dei brukte.
Vegen langs fjellet startar ved garden Bøen, her var fastbuande til ut på 1960-talet. Fleire frå Kvinesdal har eigd garden. Fram til 1904 måtte dei gå ein bratt sti ned til Framvaren og vidare med båt til Farsund. I 1899 starta arbeidet med vegen, vel 2 km ned til fjorden. Vegen er delvis skoten ut i fjellet og vi såg restar etter boring høgt oppe. Høge murar under vegen såg like fine ut som for hundre år sidan. Vegen blei bygd frå begge sider, kommunegrensa  er merka i fjellveggen. Det er utruleg at det ikkje var ei einaste dødsulukke under bygginga.

Dette var seinare bilveg der det køyrde bussar og lastebilar, berre nokre få møteplassar.  Enkelte gonger får veteranbilar bruka vegen.
Vegen i Bøensbakken blei restaurert i 2004/2005 med tilskot frå Norsk Vegmuseum og er Farsund kommune sitt 1000- års stad.

Bjørn hadde mykje å fortelja om ferdsel på vegen, om gardar vi såg,  og viste der Olav den Heilage hoppa over Framvaren, enkelte meiner dei kan sjå merke i fjellet etter hestehovane. Ei runeinnskrift, truleg frå 1100-talet, er funne på fjellet på austsida litt innanfor Listeid.

Etter 2,2 km var vi nede med fjorden og her blei det ein flott rastepause i stranda. Stranda var privat utanfor ei hytte, men historielaget fekk lov å vera her.

Bjørn fortalde om Framvaren som er unik og kjend blant forskarar i heile verden. I 2013 blei denne terskelfjorden verna som eit marint verneområde i Norge. Det er blant anna forbod mot trålfiske og oljeboring. Ned til 18 m er det helst brakkvann, under er alt vatnet oksygenfritt og med store mengder hydrogensulfid.
Om sommaren er det mykje båtfolk som nytter båttrekket over Listeid og gjennom Framvaren til Helvikfjorden, då unngår dei å gå langs Listalandet.

Dei fleste gjekk opp att til Bøen, nokre gjekk langs fjorden og kanalen til svingbrua. Dei fleste var heime att i 2-tida. Stor takk til Bjørn Frestad.

Ref.: ABE