Busstur til Lillesand

Bussturen starta kl. 9 frå Promenaden. Veret var strålande, men kjølig og nokre hadde hatt ei uroleg natt med jordskjelv.

På Kjerlingland før Lillesand, møtte Jorunn Årstøl Stålsett oss saman med tre til som hoppa på her, i alt var vi då 43. På smale svingete vegar køyrde bussen ut i Høvåg og stansa på Hellenes. Alle tok med nistemat, korger og anna ilåt for å plukka ramsløk. I vegkantane vaks masse ramsløk, med blad og knoppar, blomstringa hadde ikkje starta. Jorunn tok med dei fleste på ein liten tur ut til Langholmsund og ho fortalde om alt som grodde og levde i lufta, i havet og på land, i tillegg til kulturminne av mange slag, ikkje minst stadnamn.

Fleire plukka ramsløk og nokre tok planter med, så nå kan det bli mykje ramsløk rundt i bygda. Jorunn ga råd om korleis ein kunne bruka planten i matrettar.

På nye svingete vegar køyrde bussen til Lillesand, heilt ned på brygga til restauranten «Beddingen». For både dei som hadde bestilt fisk, og dei med kjøt, smaka det like godt og dessert og kaffi etterpå var like god, så her kan ein eta fleire gonger.

Siste post på programmet, var biltur over den smale Justøybrua med stopp på Justøy. Vi gjekk ned under brua som blei bygd etter krigen av solide betongbjelker med innlagt jern. Desse låg att etter tyskarane i Bergen etter krigen og blei frakta med tog og lastebilar til Lillesand. Vi fekk vera med Jorunn og fekk sjå sjøbua, huset med hage og uterom, her ser ho utover Blindleia. Alle stader var det mykje å sjå.

Klokka blei 19 før vi var på Promenaden att, men folk tykte ikkje det blei så seint. Kåre Mattiassen var ein stødig og grei sjåfør.

Ref.: ABE
Foto : Odd Hugo Hansen