Engleåsen Kristi Himmelfartsdag 26. mai 2022

Jubileumstur i samarbeid med «Kirkestad i tusen år» Historielaget blei spurd om å laga ein tur på gamle kyrkjevegar. For tusen år sidan er det umulig å veta kor folk gjekk til kyrkja på Liknes, veit heller ikkje kor det budde folk. Då dei bygde ny kyrkje i 1837, gjekk den gamle gange – og ridevegen vest for Kvina ned til kyrkja langs åna heilt ned til Gullestad, det var ingen bruer og dei måtte bli ferja over frå Farberget

Vi starta med buss opp til brua som går over til Lyding/Egenes og gjekk ned til hengebrua over til Svindland.

To eks.på folk som gjekk her: 31. juli 1824 var det bryllup på Røynestad. Knud Larsen Midt Røynestad gifta seg med Turid Jensdatter Øvre Røynestad. Dei rei denne vegen til kyrkje og hadde kan henda ein spelemann i spissen for fylgjet.

  1. sept 1851 var Torjus Lyding til kjørke. På vegen heim såg han ein tofle som dreiv i elva. Han kjente straks att treskoen, og han forstod at noko var gale. To av døtrene hans Ingeborg, 16 år, og Elisabeth, 29 år, pluss Malene Jakobsdtr.Rafoss, skulle ro over til Rafoss og plukka hasselneter. Pråmen dreiv utfor fossen og alle tre drukna.

Trælandsfos

A/S Trælandsfos sveiv med små avbrot frå 1910 til stopp i 1982. I lang tid hadde fabrikken på Træland produsert våt tremasse og sysselsett 120 – 130 personar i produksjonsarbeidet. Treslipinga gjekk føre seg på Træland. Trekubben vart frakta med taubana frå Lervik til Træland, og tremassen frakta ut att til Lervik med same taubana. Derifrå blei massen send med skip til utlandet – stort sett til Frankrike og England. I 1961 vart sliperiet flytta til Lervika. Taubana og sliperiet på Træland vart nedlagde. Vasskrafta på Træland vert no bare brukt til elektrisk produksjon i kraftstasjonen der.

Den øvre delen av Svindlandsøyna i elva høyrde til Træland. Kvitla er namn på det minste elveløpet. Det har i alt vore fire løer på øyna. Egenes. Midt i garden kom vi til eit velstelt bruk med norsk flagg. Her sto Wenche og Georg og ville vera med på turen. Det var flott å høyra Wenche synga to vers av «Fagert er landet» før turen gjekk vidare og over hengebrua til Svindland. Den eldste kyrkjevegen herfrå gjekk om Hamre og ned til Åmot, men vi fortsette langs åna. Svindland.

Det eldste tunet sto lenger ved hovudvegen av i dag og der vegen til Hamre gjekk opp. Kjermyra har namn etter Kjerfossen der laksekjeret stod. Laksekjeret skal ha stått på elvesida, av ein liten holme, Kjerøyna. Vi gjekk opp til bilvegen og på utsida av autovernet til svingen rundt tunnellen.

Listingskleiva.

Dette var namnet på den bratte kleiva ned til åna, er nå fylt ned stein og umuleg å gå ned. Rett nedanfor tunnellen var det ein veiinspektør som i 1828 fekk bygd opp ei steinborg i ånekanten og då gjekk delvis vegen om Hamre av bruk. Fram til 1919 gjekk vegen her og ned Åmotslian til Åmot. På fjellet her er innhogd 1920 då kjørevegen kom. Då skaut dei vekk den «fjellnåla» som Listingskleiva har namn etter.

Hamre Frå tunnellen og ca 200 m nedover eig Hamre, laksefisket her var viktig heilt frå 1522. For å koma ned til den gamle vegen, var det ei lita bratt kleiv der det var godt med eit tau å halda i. Vidare var vegen nokså grei, litt blaut etter alt regnet. Åmot

I lia nedover er mange slåter og beitemark eigd av dei eldre bruka på garden, i dag var det også sauer på beite. Vi måtte gå eit lite stykke langs bilvegen og svinga av på Englemonåsen.

Engleåsen Før vi skulle krabba opp den bratte bakken, sto Svein Jortveit og delte ut heimebakst til alle. Etter ei lita stund var alle oppe, 68 som gjekk turen til ca 80 på toppen. Presten Gunn Elvebakk var med på heile turen og vi høyrde fin musikk på vegen opp. Tom Gallatin og Oddbjørn Stakkeland var på plass og Odd Terje Breimoen ordna lyd.

Kenneth ga ordet til presten Gunn som ikkje ville vera med på at det var ein liten andakt. Det skulle vera ein ordentleg gudsteneste med opning, song, tekstlesing av «gamlepresten» Skiftun, preik og viktig velsigning til slutt. Det var ei fin stund i Guds frie natur denne litt kjølige småregnfulle helligdagen.

Til slutt fortalde Jan Arve Røiseland om Besse frå Knaben som gjekk til kyrkje på Liknes heilt frå Knaben med mange spor etter seg nedover dalen. På sitt fine fjotlandsmål var det fint å høyra om denne sagnfiguren som var så gudfryktig og snill.

Vi har kvart år turar denne dagen saman med ein prest, men som turen på Teistedal var flott i fjor, var denne dagen heilt annleis.

Tekst: Anne-Berit Erfjord
Foto: Jostein Røyseland