Haustmøte Fjotland bedehus

Temaet for kvelden var Sirdal før olje og kraftutbyggjing formidla av Odd Kvinen frå Runtleneset Huskyfarm. Han brukte bilete med forteljing til, interessant og aktuelt for rundt 50 fjotlendingar og kvindølar som møtte opp.

Reisa vår starta på Kvinen der oldeforeldra til Odd var dei første som budde der fast. Dei levde av det dei fann i naturen, dreiv med husdyr, slo med ljå og sigd. I 1901 starta dei opp Kvinen turiststasjon. Besteforeldra til Odd, Atlak og Gunhild, tok over og vart etter kvar vertskap. I 1959 var kronprins Harald på besøk i 3 veker. Då garden vart neddemd i 1967 flytta Gunhild ( 1889-1985) til Solheim der sonen Einar bygde hus. Dei siste åra var ho på Sirdalsheimen.

Livet på Kvinen var tøft, men godt. Dei hadde husdyr og turiststasjon, men den største inntekta kom frå rypefangsten, mellom 70- 100.000 ryper blei fanga i snarer kvart år. Noen år kom det også reinsdyr til Kvinen. Vinteren var snørik, snøen låg gjerne til juni, og kunne vera 4 m djup. Dei gravde tunnell mellom fjøs og hus.

Det var 2 mil til Omlid der det var tre butikkar. Dei gjekk til fots, brukte vel også ski, og hest, som brukte truger om vinteren. Viktig å hugsa det som stod på «handlelappen».

Elles rekna dei folk på Salmelid som naboar, det var 2 mil kvar veg. Oldefar til Odd ,Torjei, ramla på isen, han skulle til Salmelid. Dei på Salmelid visste ikkje at han var på veg, og på Kvinen trudde dei han var på Salmelid. Han vart funnen omkomen fleire dagar seinare.

Ved Kvinen er der ei vakker steinbru. Det var ein del av rv 10 som skulle byggjast mellom Sirdal og Setesdal, innom Kvinen og Åseral. Det var visst for dyrt ,og Suleskard- Brokke vart resultatet.

Kraftutbyggjinga.

Ingeniør Johan Baade-Mathiesen vart utnemnd av regjeringa til å førebu kraftutbyggjinga. Han trava rundt i heiane i 1950åra for å finna den beste plassen. Han var myndig, folk hadde respekt for han, men han var også godt likt, og når han fortalde om neddemning av gardar, var det lite protestering. Han var direktør i Sira Kvina 1963-1993.

Odd Kvinen fekk formidla dette med humor og engasjement, tydeleg at han visste kva han snakka om.

Om flysertifikatet til Gjermund Jerstad.

Så fekk Anne Berit ordet. Ho hadde fått kontakt med Karin Lande Kastrup som fortalde at Gjermund var forlova med svigerinna hennar, kalla søster. Søster blei gift med Olav Veggeland, fetter til Gjermund. Dei i familien hadde flysertifikatet etter Gjermund Jerstad som omkom i ei flyulykke 1963, og bilete av Gjermund hang på veggen deira i alle år. No lurte ho på om flysertifikatet var interessant for oss.

Gjermund var son til Johan og Anna Jerstad, og forsikringspengane etter ulykka brukte Johan til å få flytta Stakkelandsbue, det eldste huset i bygda -frå slutten av 1600 talet. Han ville ha det på Fjotland, men fekk ikkje økonomisk støtte av gamle Fjotland kommune i 1962

eller frå Kvinesdal kommune 1963. Derfor hamna det på Mygland. Han kalla Bue Gjermunds minne. No står Bue på bygdetunet, det hadde nok Johan likt.

Eit fint innramma flysertifikat blir no hengt opp ved sida av biletet av Gjermund Jerstad i Stakkelandsbue.

Toir Sigbjørn Eiesland

avslutta den fine og innhaldsrike kvelden med stubbar han hadde etter Jakob B. Eiesland. Han hadde også noe frå bladet Per Fjotlending som han las opp. Mye humring og applaus.

Ref.: Turid Stakkeland