Bygdekvelden 2012

31. oktober hadde historielaget planlagt haustmøte. I samarbeid med kommunen blei dette ein stor bygdekveld i eit fullsett kulturhus. Kvina Kunstnarlag åpna si haustutstilling der gjesteutstillar var Sidsel Hølmebakk Evelid. Av programmet nemner vi Oddgeir Bruaset som i ord og bilde tok oss med til fleire stader i landet. Ekstra moro for oss i historielaget som hadde vore med på to turar til Ørsdalen, var å sjå att Peder Dyrskog og garden hans. Etter ein smak av god kost frå Torvløbakkan, var det Elin Prøysen og Egil Johansen som tok oss med på ein flott Prøysenkonsert. Ekstra spenning var det kven som skulle få bygningsvernpris, kulturstipend og kulturpris. Anders Mathias Larsen loste oss gjennom kvelden på ein fin måte.

Ref.: ABE

Kulturkvelden 2012 reportasje Agder 1 den 02.11.12

Kulturkvelden 2012 reportasje Agder 2 den 02.11.12