Årsmøte 2016

Kvinesdal Historielag hadde årsmøte 10. mars. Over 150 møtte frå mange stader i Sør- Norge. Det blei eit godt møte på alle måtar. Earling Nikolaisen og Håkon Bjurstrøm starta møtet med piano og felemusikk. Kenneth leia årsmøtesakene og det gjekk raskt unna som vanleg. Årsmelding, reknskap og val blei vedtatt, alle tok attval.

Leidulf Mydland, seksjonssjef hos Riksantikvaren, skulle kåsera om gamle skulehus. Fleire sa etterpå det høyrdes litt kjedeleg ut, men det meinte dei ikkje etterpå. Leidulf har halde på med dette tema i mange år. Blant nasjonale kulturminne i Norge, sa han at gamle skulehus og gamle bedehus var lite representert og lite akta på. Dette har han gjort noko med. Han tok for seg skulesoga frå omgangsskule, bygging av skulehus, nedlegging og endringar. Han viste foto frå mange skulehus i Kvinesdal kommune og andre stader i Norge. Han viste også nokre frå USA og meinte der hadde dei verdsatt dei gamle skulehusa mykje betre.

Matpausen er viktig og også i år var det elevar frå Lister videregående skole, avdeling Kvinesdal som hadde heile ansvaret for måltidet. Flotte smørbrød som smakte like godt som dei såg ut og marsipan- og fløtekaker av beste slag.

Etter maten spelte musikantane to flotte «svisker» som folk sette stor pris på. Etter trekning av lotteriet kunne Kenneth takka for kvelden.

Ref.: ABE