Barnevandrerstien 3 etappe.

Søndag 19. juli gjekk 36 personar 3. etappe av barnevandrerstien. 28 kom med buss frå Kvinesdal, på Konsmo venta 7 til, + guide Reidar Vrålstad.

Vi starta med at Thyra Ågedal viste to små filmar laga av Lodin Aukland i 1981: Ein kort dokumentar og ei dramatisering med 5 «barnevandrarar», der også tidlegare barnevandrar Elias Bergstøl frå Vigmostad fortalde si historie. Sterke forteljingar å ha med seg på turen. Vi var også så vidt innom barnevandrersenteret, og fekk sjå bilete av Gabriel Øidne som skreiv om barnevandringane i 1955. Før var det bare sterk munnleg tradisjon i Konsmo.

Reidar Vrålstad tok oss så med til Konsmo kirke. Her brukte dei å samlast før dei gjekk austover, opptil 2-300 barn kunne det vera. Dei kom frå dei indre bygdene frå Kvinesdalen til Marnardalen. Det var rein naud som fekk foreldra til å senda 11-15 åringar på gjeting frå april til oktober/november, fleire var yngre.

Turen opp kleiva var annonsert som bratt, men stien gjekk i fine slyngar og var ikkje tung å gå, etter det flata det ut til vi kom inn i Marnardal kommune og det gjekk nedover mot Laudal. Vi gjekk på ei blanding av RV 461 med asfalt, gamal ferdselsveg og sti i fint kulturlandskap. Spesielt er gardane på Øvre Laudal og på Sveinall velstelte.

På toppen av bakkane etter Konsmo, stansa vi ved skiltet Ulvespranget. Det kunne også i dag vera ulv her, fortalde Vrålstad. Ved siste matpause litt før Sveinall fortalde Anne Berit om 2 kyrkjer som er rosemåla av fjotlendingar. Først Grindheim som er dekorert av Tore Asbjørnsen Risøyne med Guttorm Eftestøl som læregut. Guttorm hadde så med seg Knut Årstøl og måla Bjelland kyrkje.

Turen var 12 km, men lett å gå, 4 ½ time med pausar. Stien har lett for å gro att sidan det er få som går turen. No hadde Thyra Ågedal fått ordna med litt rydding, og stien var godt merka. Vel verdt å gå.

Ref.: Turid Stakkeland
Foto: Ingeborg Krogsgaard