Topptur Tjødneskarknuden

Fotturen søndag 25. august samla mykje folk. Frå Gaustad starta 47 personar med Ingvald Tjørnhom som naturlos. I det velstelte tunet til Didrik Gausdal, orienterte Ingvald litt om turen før den gjekk raskt oppover lia forbi slåter og murar etter løe og sommarflor. Det gjekk lettare då vi kom opp på fjellrinda over skogen og etter kvart var det utsyn i alle retningar. Når vi trudde toppen var nådd, måtte vi kryssa eit par skar før vi nådde toppen på 609 m. Her blei vi ønska velkommen av ein varde pynta med norske flagg, moltelauv og dvergbjørk. Det var Torbjørn Hauan som hadde gått føre og pynta. Varden blei oppsett av Statens kartverk ca 1850. På kartet over Kvinesheia har Torfinn Hageland lista opp heile 52 toppar, heier, master, gardar og anna som er synleg rundt horisonten i klarvèr.

Frå Kvås og Lyngdal kom det 15 som hadde gått frå Røyseland og Buli og frå Hægebostad kom heile 29 personar gåande frå Espeland. Etter ein liten matpause, samlast alle nedanfor varden i ly for vinden. Ingvald fortalte engasjert om gardane rundt, om steinar, istid, stiar og mykje meir. Kristian Hauan, som er lommekjent i området, fortalde om då dei sette opp bålet før nyttår 1999/2000. Kristian og naboen Odd Hidreskog tende bålet nyttårskvelden. Då var det skodde og snø langt opp på leggene. Spora i snøen hjalp dei til å finna vegen ned att. Ingen andre fekk sjå bålet.

Då vi i 1999 restaurerte varen, var ein av dei som var med, Ola Espeland frå Espeland. Han er nå 83 år og var med i år også, saman med familie og eit oldebarn på 11 månader. Dette var eldste og yngste denne dagen. Ola fortalde om heia og sambandet med Gaustad i gamle dagar. Ingvald delte ut barnevandrarbrosjyre og turkart over Kvinesheia som har mange merka ruter og trimkortet blei stempla. Til slutt måtte alle samlast ved varden for å bli fotografert. Det blei ein flott tur med litt skyer og vind på toppen, elles eit greitt turvèr. Det var ekstra moro for oss i Kvinesdal Historielag at så mange frå nabobygdene tok turen. Her var Ingrid Prestjord Kjørvik og Rune Eikeland naturlosar.

Ref.: ABE
Foto. Johannes Hamre