Busstur til Hå

Bussturen i år gjekk vestover til Jæren og til Hå kommune. Turen starta i lett regn og mildt vårver. Dei 41 som var med, kom frå Kristiansand i aust til Feda i vest.

Første stopp var på Jærmuseet Vitengarden. Her var mykje interessant frå gamle traktorar til bidronninga Sonja. Det var mange flotte opplegg for barn og skuleklassar. Utanfor sto Skjærpeplogen utstilt. Her kunne Årne Skjærpe fortelja at denne første plogen var laga av stål frå slagskipet Tirpitz av faren Ragnvald og onkelen Odd. Årne fekk så visa oss det han er mest stolt over i heimbygda si. Først Hå nye kyrkje som ligg høgt og fritt og har utsmykning av Gunnar Torvund. Nye Loen er eit fantastisk nytt idrettsanlegg med fleire fotballbanar, håndballbanar, symjebasseng, ishall og mykje meir. Heile anlegget var bygd på vel eit år og var ferdig i fjor haust. Kalkylen var på 180 mill, men kosta 80 mill, resten var dugnad! Mykje dugnadsinnsats var og knytta til Jærmuseet og kyrkja.

Middag fekk vi på Nærland Gjestegard. Her var både komla og steik og ekstra god rabarbradessert.

Så gjekk turen til Obrestad Fyr og Hå Gamle Prestegard. Begge stader fekk vi grei informasjon før vi kunne gå rundt på eiga hand. Bygningane ligg i eit kulturlandskap ut mot havet med mange spor etter gamal verksemd og busetnad. Akkurat nå var det ei fin eventyrutstilling frå norske og russiske folkeeventyr. Mange studerte kunst som var for salg, andre drakk kaffi i det gamle prestegardshuset.

Vi blei imponerte over kultursatsinga i Hå kommune. Dei har greid å ta vare på og satsa på det som er ekte og spesielt for landbruk, industri og kulturlandskap i bygda. At det har blitt så vellukka, skuldast ikkje minst dugnadsånda i kommunen.

Takka vera greit opplagt tur og køyring av Tom Arne Tobiassen og at vi fekk med oss Årne Skjærpe blei dette ein fin tur. Odd Hugo var vår fotograf på turen.