Haustmøte

Veggeland skulehus er 130 år, der er straum, men ikkje vatn. Huset blir brukt innimellom, men det måtte fyrast i omnen eit par dagar for å få god temperatur inne.  60 personar møtte opp for å høyra Åse Paulsen Skiftun kåsera om skulehuset der ho var elev dei fire første åra, og om livet og oppveksten på Galdal.

Skulehuset blei brukt som stemmelokale, og kristne organisasjonar, avholdslag og målrørsla hadde møte. Der var også sykurs, julefestar og basarar. Nær skulehuset låg butikken til Anna Brulid der 10 kr var nok til julegåver for heile familien.

Åse hadde gode minne frå skuletida. God skjønnlitteratur blei lest høgt når dei skreiv skjønnskrift, Robinson Crusoe sette fantasien i sving. Ho nemnde også Undset og Aanrud  med fleire. Få elevar og mange klassar samtidig førte til tilpassa opplæring i høgaste grad.

I 1963 blei skulen nedlagt, og fleirtalet i kretsen, blant anna Oskar Paulsen, far til Åse,  meinte det var mest framtidsretta at dei søkte til Gjemlestad og Liknes, og ikkje til Kvinlog som resten av gamle Fjotland kommune. Jakob Helle kalla Oskar Paulsen sin verste fiende på grunn av dette. Men dei kunne treffast og snakka saman. Oskar var aktiv politisk, der var mykje besøk heime hos dei, og det blei diskutert høglydt. Ungane lærte at det var ikkje farleg å vera ueinige bare ein respekterte kvarandre.

Før matpause med kaffi og kringle, blei det Quiz med gamle Fjotlandsuttrykk, noen klarte 33 av 35, og fekk twistpose. Kvelden vart avslutta med filmopptak gjort av Kåre Galdal. Vi fekk sjå frå 120 årsjubileet i 2008, der dei to siste lærarane Randi Soleim 1961-62, og Kjell Jakob Stensland 1962-63 deltok, blant andre. Så var vi innom kunstmålaren og diktaren Leiv Knibestøl, Agnes Veggeland som hadde sykurs og laga bunader, og til slutt Selmer Galdal og Tønnes Haddeland som snakka om snarefangst, intervjua av Birger Galdal.

Ein fin kveld i eit gamalt skulehus som blir teke godt vare på.

Ref.: Turid Stakkeland