Ordføraren sin tur: Eiesland – Fjotland

Søndag 1. juli møtte rundt 35 personar opp ved Eiesland skulehus, i strålande ver. Tor Mygland ønskte velkommen, og Per Sverre   Kvinlaug sa litt om skulehuset som vart bygd av Jakob Eiesland i 1889 for 700 kr. Kretsen overtok huset rundt 1963 , men det blir brukt lite. Innvendig var bilete og plakatar på veggane som vi ser i mange gamle skulehus. Helge Johnny Eiesland hadde nøkkel og låste opp døra for oss. 

Vi gjekk så 2 km på ein fin grusveg ,passerte Spillebrok, og inn til Vordalen.  I Vordalen venta eigaren Knut Petter Netland med ei fin orientering. Bestefar hans, Per Andreas Netland (1879-1964) brukte hest i arbeidet, og det var smør som blei laga her. Då sonen Olav skulle overta, ville han modernisera og satsa på traktor. Det vart ingen suksess, for mykje stein og altfor grunn jord førte til at gardsdrifta vart nedlagt. Familien flytta på 60 talet, til Øya.

Bygningane : Låven står slik som den var med reiskapar frå den tida. I tillegg er der ei smie, ei kvern, ei badstu/korntørke og våningshus som er fint restaurert , litt modernisert slik at det også kan brukast om vinteren. I 1999 fekk dei bygningsvernprisen for arbeidet med å restaurere og ta vare på alle bygningane.

Resten av turen gjekk på sti, i starten litt ulendt og ikkje lett å finna den gamle kyrkjevegen som gjekk framom her. Men vi fann noen små vardar som viste veg til «Vordalsbreune», eit sentral t vegkryss før det kom kjøreveg opp Austerdalen. Det var kyrkjeveg , men også vanleg fredselsveg, frå aust og vest kom dei, folk frå  Eiken handla på Mygland blant anna.

Vi hadde matpause ved Vordalsbrua, noen bada. Ein nydeleg plass. Siste del av turen gjekk  på tydeleg sti til Kjølnes, og deretter 1 km på bilveg forbi Midbø, Karlsvoll og ned til Fjotland kyrkje der noen bilar stod parkert og kunne frakta sjåførar tilbake til Eiesland.

Referat: Turid Stakkeland
Foto: Odd Hugo Hansen