Nedre Stakkeland til Risøyne

Ordføraren sin tur 3.juli starta på nedre Stakkeland med litt orientering om bruka her og sambandet til kverna i Stisvollen. I 1852 blei nedre Stakkeland delt mellom to brør, og Tormund Joson blei eigar av bnr 4. Han må ha sett opp kverna som vart restaurert i 2015. Rundt 20 år seinare kjøpte Peder Elias Narvestad eit stykke av svogeren Tormund, bnr 7, sidan har desse to bruka hatt kverna ilag. Arne Stakkeland fortalde litt om korleis det var å veksa opp på Stakkeland.

Turen gjekk så ut stien til Kvedne i Stisvollen som fekk bygningsvernprisen i 2015. Per Sverre Kvinlaug orienterte om ekstremveret som raserte så mye, om oppattbyggjing og restaurering. Og så fekk vi flott trompetspel frå Oddbjørn Stakkeland, det blei veldig stemningsfullt med sus av fossen i bakgrunnen. Vidare gjekk vi ned til Hagen og ut skogsvegen. I Lian fekk folk velja om dei ville fortsetja skogsvegen eller følgja den gamle ferdselsvegen ned til Risøyne, mange valde det siste. Tom Stakkeland viste veg, det var litt ulendt og bratt somme stader, og vi brukte lenger tid ein dei som gjekk skogsvegen, men det var verdt det.

Så samlast vi ved hengebrua på Risøyne. Det var ei hengebru her tidlegare, bare brukara stod att. Kvifor ei bru her? Det har antageleg vore ei kvern opp i lia der, og dei måtte koma over elva på ein grei måte, kanskje det var grunnen. Odd Stakkeland orienterte om brua, og seinare om høyløa, begge deler har Kvinlog skule hatt som prosjekt. Han takka grunneigar Andreas Mygland for velvilje. Oddbjørn stod på brua og spelte melodien til Fjotlandssongen av Sverre Eftestøl. Eit høgdepunkt !

Men vi kunne ikkje vera i Risøyne utan å nemna Tore Asbjørnsen, rosemålaren, kanskje den mest kjende av alle fjotlendingar. Tønnes T. Kvinlaug fortalde litt om livet hans, om Tonstadbua, Grindheim kyrkje m.m.

Siste etappe gjekk over ei nesten tørrlagt elv til Liægrå på fastlandet på Stakkelandssida. Ola V, far til Tom kjøpte dette bruket i 1945 og hadde det til 1955. Dei budde her i sommarhalvåret, det var store og flate, fine jorde her. Høyet blei «balla», rodd i pram over elva og kjørt vidare med lastebil til Hagen der dei budde om vinteren. Tom hadde gode minne frå den tida, sjølv om det var tungvint utan veg. Han må stadig tilbake til Risøyne.
Dagen vart avslutta med Fjotlandssongen etter ønskje frå mange.

Ref. og foto: Turid Stakkeland.