Ordførarens tur 2008

Søndag 24. august var det tur i øvre del av kommunen, start ved industriområdet på Øvre Kvinlaug, og den enda ved Lindelandsbrua om lag 4 km lenger nord. Turen var eit samarbeid mellom Kvinesdal Historielag og Lister Friluftsråd, og omkring 100 personar deltok.

Ordførar Odd Omland fekk stafettstaven av Hans Christian Lund frå Lister Friluftsråd, og turen vart offisielt opna. Vi gjekk på skogsbilveg langsmed Kvina eit par km, med eit lite stopp ”unna Huknuden” der Nils Ro og Kennet Trælandshei overraska med slåtten Huknuden, på to feler. Per Tostenson ( 1801-1867) hadde spela i eit jolelag, om kvelden kunne han ikkje få sova, han kledde på seg og gjekk ut. Då høyrde han slåtten blei spela frå fjellet Huknuden, han lærte seg den, og slåtten fekk namn etter fjellet. Sverre Eftestøl har skrive den ned.

Neste stopp vart inne ved Svartelibekkjen, her orienterte Tor Mygland om to små fråflytta gardar, Haughom og Geiskoli, begge komne frå Øvre Kvinlaug. Vi fekk musikalsk innslag ved Wenche Hunsbeth Svindland , godt mottatt, som alltid. Flokken delte seg så i to, noen følgde skogsvegen vidare til Åsheim, dei andre tok ein sving innom dei to nedlagte gardane der litt av murane framleis var synlege sjølv om det er om lag hundre år sidan det budde folk her fast. Karl Røyseland viste veg.
 
Ved Lindelandsbrua fekk vi vatn og grilla pølse i brød, betalt av Lister friluftsråd. Her måtte ordførar Odd Omland igjen til pers med ein kort tale, Tor Mygland orienterte om Lindelandsbruene som det har vore mange av. Brua som blei bygt i 1900 står framleis, det er eit meisterstykke i muring og den er tatt med i verneplanen for vegminne i Vest Agder. Den siste brua blei opna i 1972, det var Sira-Kvina som trong ei ny bru for å frakta tungt utstyr opp dalen. Wenche Hunsbeth Svindland hadde så ein avdeling att. Folk sette spesielt pris framføringa av Fjotlandssongen, og Stevleiken hjå Ulrikke Lindefjeld der ein austerdøl og ein vesterdøl kappast om kven som er best ( Frå Fjotland lesebok av Johan Jerstad s. 257 )På den siste fekk ho hjelp av Tor Mygland, det fungerte glimrande. Til slutt imponerte ho oss med ein munnharpeslått.

Regnet som var meldt, kom ikkje før heile arrangementet var ferdig. Og då gjorde det ingenting.

Ref.: TS
Foto : Odd Hugo Hansen