Årsmøte 2009

Sidan Kvinesdal Historielag er 25 år i 2009, blei årsmøtet 11. mars utvida til ein stor kulturkveld. Møtestaden var Kvinesdal Kulturhus og med ca 220 frammøtte, var det få ledige stolar. Leder Kenneth Trælandshei helsa alle velkomen og så starta kvelden med musikk. Ann Mari Edvardsen Alexis song akkompagnert av Oddbjørn Stakkeland. Dei hadde eit vidt repertoar, alt frå salme, Prøysen, filmmusikk og opera. Alt var like flott og at Ann Mari orienterte litt om songane gjorde det ekstra interessant.
 

Det tradisjonelle årsmøtet gjekk som vanleg raskt unna og så overtok Jan Gulliksen som konferansier. Han samtalte med Kenneth og Anne-Berit Erfjord som har vore med i styringa i 21 og 25 år, Kenneth som leder og Anne-Berit som kasserar. At laget har så stor oppslutning, er mykje takka vera redaksjonen som lagar eit innhaldsrikt årsskrift. Ragnhild Skarstein-Larsen helsa frå Agder Historielag og frå Flekkefjord Historielag og hadde med bokgaver og blomster. Ordførar Odd Omland helsa med gode ord og blomster i tillegg til ein sjekk på 5.000 kr. Georg Pollestad og barnebarn Alexander Borlaug frå Klepp spela munnspel av høg klasse. Georg lagar munnspel til mange av dei største utøvarane i verden. Alexander har vore UKM-vinnar og dei to laga ein flott konsert. Dei hadde også med Oddbjørn på piano.

I pausen kunne folk ta for seg av god mat; smørbrød og marsipankake frå Knaben Gruvekjøkken. Det er ikkje heilt enkelt å balansera ein tallerken med mat og ein kopp varm kaffi i tillegg til å handla lodd og eventuelle skrifter frå historielaget samtidig som ein pratar med mange kjente. Då skulle ein hatt fleire hender. Etter pausen gjekk trekninga av blomster, fruktkorger, t-skjorter og bøker raskt og effektivt.

Ingvar Olimstad var kveldens kåsør. Han hadde kalla kåseriet sitt ”Lått og løye frå gamle Kvinesdal”. Mange fekk friska opp minne om fotballkampar med store tap, dei mange kallenamn i bygda, ”erkefienden” Lyngdal og mykje meir. Framføringa med innslag av rim skapte lått og løye i salen. Frå si store samling av foto frå laget sine 25 år, hadde Johannes Hamre plukka ut nokre få og fått laga ein fin DVD med musikk av Sverre Eftestøl.

Siste programpost var sjølvsagt Kvinesdalsongen. Sverre Eftestøl sin melodi har også 25 års jubileum i år, så han akkompagnerte saman med Oddbjørn. Klokka halv elleve takka Jan Gulliksen for kvelden som han hadde styrt med sikker hånd og akkurat passe mange ord. Vi som laga til denne kvelden, hadde det gildt og det trur vi alle hadde.

Ref.: ABE