Tur Åsemoen – Saurfid – Engedal

Søndag 30.mai gjekk 29 personar frå Åsemoen opp til Åsen, 1.5 km på grusveg. Åsen var ein sentral plass i gamal tid, både Åsemoen og Nordås er utskilt frå denne garden. Den gamle kyrkjevegen gjekk her, og vidare frå Åsen ned mot Omland og Saurfid gjekk vi delvis på den, veldig lett å gå. I Saurfid møtte det opp folk frå Engedal, og den siste delen var vi bortimot 40 personar. Tønnes Kvinlaug hadde ei grei orientering om garden. Her blei fråflytta i 60-70åra, men før det var det stor trafikk Saurfid –Engedal sjølv om det bare var gangveg. Dette var kortaste vegen til butikk på Kvinlog og til buss. Litt oppstigning etter Saurfid før vi kom inn på skogsveg som førte heilt fram til Engedal, 20 min gangtid. Vi brukte omkring 3 timar på heile turen, og vi greidde å halda gruppa ganske godt samla. Ein fin tur, lett terreng, kan anbefalast.