Ordføraren sin tur til Lyngløa

Barnevandrarstien  vart opna med eit flott arrangement i Årli 4.juli 2010, og denne turen var ei 10årsmarkering..

Seinare har det vorte mange turar langs stien og i området, nokre gonger i samarbeid med Hægebostad.

17 personar gjekk frå Årli med Per Sverre Kvinlaug som leia turen og hadde orienteringar undervegs. 3 til hadde gått føre, så vi var 20 til saman.  Ikkje verst når det hadde regna jamt i fleire dagar, også denne dagen. Det er mye myr der stien går, men eldsjeler har lagt stokkar/plankar på dei verste stadene, eit imponerande arbeid. Willy Solberg er ein av dei som har tatt opp arven etter Ingvald Tjørnhom . Han fekk ei lita påskjønning og noen gode ord frå ordføraren.

Gåva frå ordføraren var ei kulturoppleving denne gongen. Då vi nærma oss  «innlandsisens underverker» høyrde vi trompetspel ved Oddbjørn Stakkeland, ei magisk oppleving . Det var matpause, meir spel og orientering ved Lyngløa.

Lyngløa: Då det vart snakk om å ha ein rasteplass på den lange etappen mellom Årli og Hægebostad , blei dei fort einige om ei Lyngløe. Det var vanleg i denne delen av kommunen, elles hadde dei lafteløer med torvtak, men her var det lite skog. Ingvald Tjørnhom leia arbeidet, han fekk hjelp av Bjarne Solås som hadde bygd ei tidlegare, det meste blei gjort av 20 personar på åtte dagar.

Vi er sikker på at barnevandrarane søkte ly i lyngløer, der var mange av dei, og det var nok ikkje uvanleg med regnver som vi hadde på turen, ein tur til ettertanke