Førjulsmøte 2015

Møtet 24. november samla som vanleg folk frå mange stader, fleire av medlemene våre passar på å ta turen til Kvinesdal denne dagen. I alt var vi ca. 90 personar.

Elise Orre og Earling Nikolaisen åpna med stemningsfull song og musikk.

Kveldens kåseri hadde Reidar Bjånes med tema: » Under en åpen himmel, til rytmer fra Afrika».

Etter meir sang og musikk, var det lang matpause. Først deilig risgraut med alt som høyrer til og så kaffi og kaker med marsipan og krem, den store kaka hadde foto av Kynnehusboka. Matpausen er ein viktig del av møtet, der folk kan møtast og prata med kvarandre. Dei som fant mandel, fekk sjokolade og ei kransekake blei vunnen på inngangsloddet.

Boka «Kynnehuset» blei presentert, og kunne kjøpast. Boka inneheld mange tekster på dialekt frå Eiken og Fjotland. Arvid Bryggeså leste tekster frå Eiken på eikdølsk og fjotlandsmålet var det Anna Årstøl og Tom Arnt Lindeland som framførte. Mange kjøpte boka.

Ref.: ABE
Foto: Tor Magne Gausdal