Historiekveld Kvinesdal kirke

I programmet for 175 års jubileet for Kvinesdal kyrkje bad kyrkja og Kvinesdal Historielag inn til ein historisk kveld torsdag 27.september. Mellom 60 og 70 var med oss i kyrkja.
Kvelden starta med 7 klokkeslag på den gamle klokka frå 1200-tallet. Sverre Eftestøl spelte Kvinlogslagjet og spelte seinare til tre gamle salmer.
Fylkeskonservator Frans-Arne Stylegar kåserte om kyrkja vår og om den arkeologiske utgravinga under golvet i 2000. Kyrkja på Liknes var den einaste i Agder der arkeologar har grave. Arkeologar finn alltid mykje under kyrkjer.
Sjølv om dette var ei lita utgraving, så fant dei at det hadde kan hende stått fem kyrkjer før den vi har nå. Den første sto rundt år 1000 og fleire har brent. Dei første kristne gravene er tidfesta til 900-1100. Dei fant også små restar frå middelalderkyrkja til Jørgen Thomassen, ein engelsk mynt og mange hasselpinnar som truleg har hatt ei mytisk tyding.
Alle gardane i dalen hadde sine kyrkjevegar. Anne-Berit Erfjord fortalde litt om vegane i Kvinesdal og Sigbjørn Risnes tenkte seg kor Besse i Knaben kunne ha gått alle seks mila ned til kyrkja på Liknes.
Anne Mary Aagedal fortalde om salmene og om salmebøkene som hadde skapt stor strid i bygda.
Arnold Omland leda kvelden med stø hand og fortalde om altertavla, kyrkjeskipet og andre klenodier.
Det var teke fram fleire ting som nå var skifta ut. David med harpa som nokon av oss minnes sto over det gamle orgelet, var funne fram. Og det store korset som sto på altertavla før maleriet til Marselius Førland kom i 1937.
Etterpå var det eit gildt samvær på Menighetssenteret der det sto framme lefse, hellekaker, pannekaker og kaffe. Fleire hadde ordet og fortalde frå kyrkjevegar og anna.
Saman med Jan Brendalsmo, skreiv Stylegar eit interessant hefte om utgravinga. I tillegg til stoff om denne, har dei med mykje om busetningshistorie, kyrkjer og kyrkjeorganisasjon.
Vi viser og til skriftet for 150 års jubileet som har mykje interessant å lesa. Dette kan ein få kjøpt på kyrkjekontoret.

Ref.: ABE