Frå Krågedalen til Eikeland

Søndag 14.juni gjekk 29 personar frå Krågedalen mot Eikeland. Dette er ein bit av driftevegen vestfrå over Lindelandsbrua, Eikeland mot Røylandsvadet og så til Eiken. Kvinesdal historielag har prøvd å rydda og finna att dei gamle driftevegane og kyrkjevegane, og dette var eit ledd i dette.

Vegen mot Snågje og Røyland var delvis på sti, myr og litt kratt, ikkje heilt lett å gå den siste bakken ned mot garden. Ansgar Harbakk var med på turen. Han var på kjende trakter og tok på seg rolla som kjentmann, det sette vi veldig stor pris på. Her hadde dei gått med krøtter, men det var også postveg.

Ansgar hadde vikariert som postmann for Tosten i Åså ein periode i 50-60 åra. Då var det å sykla frå Harbakk til Åsemoen, henta postveska, sykla til Fjotland og Eftestøl, og så tilbake til Krågedalen. Derifrå bar/trilla han sykkelen driftevegen til Røyland, sykla vidare til Bergesli og Førlandsås, og så tilbake til Åsemoen med det som skulle vidare. Ein lang tur, men dei fekk post bare 2 gonger i veka, tysdag og laurdag, fortalde Ansgar.

Snågje er eit gamalt bruk, den siste fastbuande var Johan Solhom. I dag er det Olav Harbakk som eig garden. Fint som sauebeite.

Røyland var eit knutepunkt og ein storgard på 1600-talet.Nedre Harbakk, Førlandsås og Bergesli var øydegardar under Røyland. Her kom også kyrkjevegen framom, men den skilde lag med driftevegen her og gjekk mot Vige til Fjotland.

Vi følgde bilvegen vidare, hadde ein god matpause ved Harbakk bedehus, gjekk så mot Røynebu, etter ein kort stopp ved Skrigardalen der Anne Berit Erfjord fortalde ei segn frå Kynnehuset: Her skulle eit barn vera drept, og dei kunne høyra noen som skreik. Ansgar bekrefta at det var uhyggestemning her.

Litt før Røynebu, gjekk vi over på kyrkjeveg/drifteveg att, ein flott etappe. Sol og god gå-temperatur, lite stigning, litt over 3 timar med pausar, ein vellukka tur.

Referat og foto: Turid Stakkeland