Tur til Knibeknuden

18.mai gjekk rundt 50 personar opp til Knibeknuden. Veldig få hadde vore der før, vi hadde godt ver og god gåtemperatur. Knuden ligg 461 moh, vi ser toppen rett bak Knibestøl. 200 m stigning kunne høyrast mye ut, men gradvis oppstigning og sti som låg fint i terrenget, hjelpte godt. Først gjekk vi på gamal veg halvvegs til Årstøl, der svinga vi av og gjekk på sti resten, litt myr, men mest tørt. Siste delen var på fjell, fint merka med små vardar, kalla knydingar. Det ser ut som gamle vardar med mosegrodde steinar, men det er Øyvind Knibestøl som kan takkast for dette.

Vi gjekk i eit tempo som passa alle og brukte rundt 1 time til toppen. Noen stoppar for å sjå på utsikten, det var ikkje så lett for det er overgrodd. Først på toppen såg vi langt, mot sør og vest, Krågeland, Galdalsvatnet, Bruli m.m.

Leiv Gunnar Skiftun hadde sportsandakt med tema frå Kristi Himmelfart. Naturleg å vera på eit fjell denne dagen. Han var på kjende trakter, er med på elgjakt i distriktet. Ein del av talen blei framført med elgbriller på vunne på ei utlodning på menighetssenteret. Sverre Eftestøl hadde utfordra han til å bruka dei på ei gudsteneste, då ville han gi ei god gåve til senteret. Det er med dette dokumentert, Kåre Galdal filma gudstenesta.

Oddbjørn Stakkeland med trompeten sin heva kvaliteten på songen, og Øyvind var godt nøgd med 52 nye namn i turboka.
Folk hadde god tid, ein vellukka tur som freista til gjentaking.

Ref./Bilde. Turid Stakkeland