Fottur i Herad

2. pinsedag 5. juni blei ein flott turdag, delvis sol etter fleire våte dagar. Det samla seg folk frå mange stader på Holmen i Herad, i alt litt over 50. Turen gjekk på god traktorvei sørvestover ut heia i litt under 300 m o h. Fleire stader var fine utsiktpunkt til fjordar og gardar i Herad. Første garden vi kom til, var Vedremark med ein gamal mur og ei nyare hytte. Etter å ha fylgt ein myrdal, svinga vegen mot aust, først litt opp og så litt ned til garden Store Skjoldal. Rett før vi kom ned, fekk vi sjå ein spesiell stein med naturleg hol. Nokre barn på garden hadde leika her og prøvd å få hovudet inn i holet og det heldt på å gå gale då ei av jentene blei sitjande fast. Etter mykje strev greidde dei å få ho laus.

Nedanfor hytta som er bygd på murane etter gardshuset, sat folk på berget med niste og kaffi. Fleire hadde med kart og gamle foto og vi mintes dei som budde her for 200 år sidan, spesielt Johanne Maria som det står så mykje om i bygdeboka for Herad. Ho var mor til 10 barn, ein er oldefar til Ragnvald Ofte som var med som naturlos. Fleire som var med på turen, slekta frå denne familien.

Litt over 20 gjekk tilbake same vegen. Dei andre fylgde Ragnvald om Austad og Litle Skjoldal. Først gjekk dei inn til Flordalshellaren, ein litt spesiell hellar oppe i ein liten fjellvegg. Den har trapp opp og ståhøgde . Så såg dei Krossberget der det skal vera tre innhogne kors av ukjent alder. Bare to blei funnen. På toppen av stien ned mot Skjoldalsstranda sto kverna, nå restar av den og ein stein med innhogne namn.

På Nedre Austad, nå med mange murar, slo Arctander Buch seg ned under siste krig, med familie og sauer. Her står eit hus att.

På garden Litle Skjoldal budde ein tilflytter familie nokre år frå 1927 til 1934. Det var familien til tidlegare bistandsminister under Gro i 1986 -1988, Vesla Vetlesen. Vesla blei fødd på Lille Skjoldal og ho har skrive «erindringer» frå ho var fire år her. Ho fortel om dyr, om maur og lopper og om at ho var så glad i å plukka blomar. Så då ho i vaksen alder skreiv om floraen i Oslo området og ga ut ei barnebok om «Småkryp», så var dette stoffet kjent frå barndomen på Skjoldal.

Det var langt på ettermiddagen før alle var tilbake på Holmen og Seland. Tusen takk til Ragnvald og fleire som kom med informasjon.

(Det er mykje interessant i Heradboka om desse gardane).

Ref.: ABE
Foto: Helga Narvestad med bidrag fra turdeltagere