Tur til Finnøy

Denne turen blei så populær at vi måtte ha ein buss og ein maxitaxi. Heile 62 personar var med denne fine vårdagen.
For å koma till Finnøy, må ein gjennom tre undersjøiske tunnellar. På Hanasand som ligg på Rennesøy, og før siste tunnellen, sto omvisarane Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid og ynskja velkommen til Finnøy – Perlå i Ryfylke.
På Judaberg gjekk 30 om bord i Restauration og dei andre 32 brukte bussen på Bedehuslandturen.

Restauration
4. juli i 1825 la Restauration ut frå kai i Stavan¬ger med 52 personar om bord. Nå seglar den nye Restauration på havet igjen, 187 år etter den aller første amerikaturen. Båten er bygd på Ryfylke Trebåtbyggjeri på Finnøy av Jørn Flesjå med gode hjelparar og sto klar i 2010.
Turen vår gjekk rundt øya Halsnøy der garden Skartveit ligg på toppen av øya.
Sjøen var mest i ro og då den litle trekken frå nord stilna, blei det flott på dekk, men ikkje så mykje seglvind. Etter eit godt måltid med kaffi og «Gongkaker med tomatsyltetøy», blei vi samla under dekk slik at vi skulle erfara korleis amerikafararane hadde det. Vi var 30, dei var 52 og ei lita jente blei fødd på overfarten. Turen over havet tok vel tre månader i mykje godt ver, men og uvær der folka måtte vera under dekk fleire døgn. Lite mat hadde dei og.
Om alt dette og om bakgrunnen for utvandringa, fortalde Brit Idsøe levande slik at vi omtrent såg folka for oss. Vi som er mødre, tenkte med gru på korleis det måtte vera med ein fødsel i dette tronge rommet med mykje folk rundt.
Denne søndagen var Ryfylkenaturen ekstra fin med lett grønkledde øyar, fastland og langt inne snøkledde Ryfylkeheier.
Mannskapet på vår tur, var frivillige entusiastar med Dag Vidar Nordbø som stødig kaptein. Han har lang erfaring frå kapteinsjobb på ferjene, og sa det var enklare å få ei ferje til kai.

Vandring i bedehusland
Turen starta utanfor Hesby Kyrkje med spennande forteljingar om mektige menn – og ei kvinne. Det er minnesmerke av Ogmund Finnson som styrte Norge frå Hesby på 1300-talet. Eidsvollsmannen Asgaut Regelstad, matematikaren Nils Henrik Abel og prestekona Gustava Kielland er også minna ved kyrkja. Utanfor kyrkja blei det servert same kaffimåltidet som på båten. I programmet sto: «Sjå opp for julestemning». For å minnast Gustava Kielland sin kjende «O, jul med din glede», blir julesongen sunge heile året her i denne flotte steinkyrkja frå middelalderen, og med vers som var ukjende for fleire.
Bussen køyrde rundt øya der gardar med hus og drivhus, sauer i fint kulturlandskap, hyttebygg i mange former, skular og mykje anna låg langs vegen.
Bethel er det eldste bedehuset i Ryfylke som framleis er i bruk. Her fekk vi vera med på ei rotekte vandring i bedehusland, med tale, basar og song, ei variert og humørfylt reise i den ryfylkske bedehuskulturen gjennom 150 år. På galleriet er den nye bedehusutstillinga der Ryfylkemuseet har laga ei minnerik utstilling over bedehuskulturen gjennom 200 år i Ryfylke. Ein kan til og med høyra den legendariske Svend Foldøen tala.
Det var Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid som var omvisarar på Bedehuslandturen.

Alle hadde så middag på Utsyn. Eit framifrå måltid med laks frå Helgøy og is med bjørnebær frå Halsnøy smaka nydelig. Vi var imponerte over den raske og profesjonelle serveringa, krydra med humørfylte kommentarar.
Vi var lova « ei kulturhistorisk reise med glimt i auge». Dette fekk vi av folk som kunne mykje og som kunne framføra det med dialekt frå staden i sitt eige miljø.
Dette har firmaet Ryfylke Livsgnist forstått og har fått til ei bedrift som nå har sju tilsette i tillegg til mange frivillige. Dei har også fleire ting og opplevingar på programmet enn dei vi fekk. Vi seier: Ta ein tur til Finnøy, få kunnskap, bli glad – og mett.

Vi kom vel heim kl. 19.00 med dei greie og stødige sjåførane Tom Arne og Svein Terje ved rattet.


Ref.: ABE
Foto : Johannes og Odd Hugo