Historielaget til Finnmark

Torsdag 20.juli

Grytidleg reiste vi frå ventebua i Kvinesdal til Sola, så frå Gardermoen mot Alta til saman 41 personar med reiseledar frå Møll: Arne Lervik.
Frå flyplassen kjørte vi direkte til Alta Museum. Der er Nord Europas største samling av bergkunst, det vil seia helleristingar og hellemaleri, og det er på UNESCOs Verdensarvliste. Ein flink guide viste oss kunsten, det eldste frå rundt 7000 år sidan, det låg lengst vekk frå havet, det yngste nærast sjøen. Så kjørte vi direkte til Hammerfest for overnatting på Thon hotell. Vi såg noen reinsdyr langs vegen, og noen laksefiskarar.

Fredag 21.juli

Neste dag vart det to museumsbesøk og ein rundtur i Hammerfest. Først til Isbjørnklubben etablert 1963. Det viser byens stolte tradisjon som utgangspunkt for fiske og fangst i arktiske strøk, og eit senter for pomorhandel, det vil seia byttehandel med fisk, skinn og korn med nabolanda, spesielt Russland. Byen ligg på 70,7 grader nord, men har isfri hamn . Hammerfest og Vardø fekk bystatus i 1789 av kong Christian VII og er dei to eldste byane i Nord Norge. Hammerfest er rekna som den nordlegaste byen i verda, sist bekrefta i 2009.

Neste museum var Gjenreisingsmuseet . Der opplevde vi tida frå 1944 til omkring 1960 med nedbrenning, tvangsevakuering og oppattbyggjing etter 2. verdskrig. Heile Hammerfest blei brent, bare gravkapellet frå 1937 stod att. Det blei nemnt at tyskarane ikkje brende kyrkjer som stod på ein kyrkjegard. Omtrent 1/3 av folket gøymde seg og vart ikkje med sørover. Dei hadde god hjelp av samane som har tradisjon for å klara seg i naturen med bustad og mat. Gjensidig hjelp og forståelse blei resultatet.

Til slutt hadde vi tur ut til bydelen Fuglenes. Der står Meridianstøtta, den siste av 34 stader i verdsarvkulturminnet Struvemeridianen. Friedrich Georg Wilhelm von Struve avslutta målingane sine av jordas form og storleik her i 1852. Støtta vart reist i 1854. Rundt evakueringa 30. okt. 1944 «redda» tyskarane støtte frå øydelegging og tok ho med seg til Trondheim, i fleire delar. 17.mai 1949 vart ho attreist på plassen sin.

Så sa vi farvel til Hammerfest, ein fin og velstelt by, litt kaldt, men ikkje regn. Vi kjørte mot Skaidi, vidare E6 mot Porsangerfjorden og Lakselv. Om kvelden var vi framme i Karasjok for overnatting i Scandic Karasjok, etter at vi hadde hatt ein god middag i Storgammen.

Laurdag 22.juli

Lang busstur denne dagen, frå vest mot aust. Vi kjørte langs Tana-elva, ein del av turen på finsk side, så langs Varangerfjorden forbi Vadsø og til Vardø. Rett før Vadsø hadde vi ein matpause i vegkanten, med niste frå hotellet i Karasjok. Etter å ha kjørt 7-8 mil og gjennom ein 2892 m lang undersjøisk tunnell, visstnok den første i Norge, var vi i Vardø. Vi sjekka inn på Vardø Hotell, før turen gjekk vidare 4mil nordover mot det nedlagte fiskeværet Hamningberg. Eit fantastisk landskap, sundreve fjell, eit slags månelandskap. Hamningberg vart ikkje brent under krigen, tyskarane høyrde rykte om at russarane var nær ved, og flykta i all hast. Fiskeværet er nedlagt, men fint og godt vedlikehalde. Det er mye folk her i sommarhalvåret, slik var det også denne kvelden. Sol, god temperatur, spennande landskap, mat å få kjøpt, ein flink og engasjert lokalkjent guide …..vi kunne ikkje ha ønska oss ein finare kveld.

Etter ein god middag på hotellet i Vardø, blei det tur til Vardøhus festning for noen, også til Heksemonumentet på Steilneset, minnestad for heksebrenninga på 1600-talet. Det vart opna i 2011 av dronning Sonja.

Søndag 23. juli

Farvel til Vardø, som var litt prega av fråflytting, mot Kirkenes. Vi såg noen reinsdyr langs vegen, men endå fleire sauer. Naturen og vegetasjonen minna om høgfjellet i sør. Første stopp var Varangerbotn der vi besøkte eit sjøsamisk museum. Sjøsamane dreiv med fiske, fangst, gardsdrift i tillegg til reindrift.

Vi var no inne i SørVaranger kommune, og neste stopp var Neiden Fjellstue der vi hadde lunsj. Skoltebyen Neiden var ein gammal vår- og sommarbuplass for skoltesamane, eller austsamane. Den russisk-ortodokse kyrkja starta kristninga av skoltesamane på 1500 talet, og i 1565 blei St. Georgs kapell bygd, eit knøttlite ortodoks kapell, vi fekk bare sjå det frå utsida. Det som står no, er rundt 200 år gammalt. Samane hadde gravplass her til 1900-talet. Det var flytande grenser, både finske , norske og russiske samar brukte området.
I 1826 blei det grenseoppgang mellom Russland, Finland og Norge, og Neiden blei norsk, sjølv om det budde mest finnar her, dei fleste var læstadianarar. Neiden blei administrativt lagt under Vadsø . Vadsø kjøpstad gjorde vedtak om å byggja eit kapell i Sør Varanger som blei eigen kommune i 1858. Den første kyrkja blei bygt i Kirkenes og innvigd i 1862. Men framleis hadde folk i Neiden lang avstand til kyrkje. I 1898 sende 26 familiefedre brev til Kyrkje- og Undervisningsdepartementet om å få byggja eit kapell. Hartvig Nissen i KUD sette i gang tiltak, og allereie 4 år seinare, i 1902, var kapellet ferdig . Grunnen til at det gjekk så fort, var nok like mye ønske om å sikra territoriet som norsk. Det er bygd i dragestil, skulle minna om stavkyrkjene. I dag er det nesten ikkje fastbuande i Neiden, men kapellet blir passa godt på. Neiden blei brent under krigen, kapellet stod igjen, litt skada

Etter innsjekking på hotellet i Kirkenes, blei vi tatt med til Andersgrotta. Det fungerte som bomberom under krigen, og opptil 3 gonger pr dag kunne alarmen gå, og folk måtte springa frå det dei heldt på med og gøyma seg i grotta. Det var kaldt der inne, vi kunne kanskje tenkja oss litt korleis dei hadde hatt det. Og det var det første møtet med folk som hadde sterke minne frå krigstida. Kirkenes og Sør Varanger var midt i eldlinja mellom tyskarar og russarar. Mange ungar blei sendt til Sverige etter krigen for å «feitast» opp.

Måndag 24. juli.

Dette blei den mest fullpakka dagen. Først ein busstur til Grense Jakobselv, første delen langs Pasvikelva , grensa mellom Norge og Russland frå 1826. Nesten. Russarane hadde bygd eit lite kapell i Boris Gleb, på norsk side av Pasvikelva. Russarane ønskte å behalda kapellet, og 4 km2 med kapellet, blei bytta mot 400 km2 land i SørVaranger, langt aust. Vi kjørte gjennom Elvenes der fangeleiren for norske lærarar var, ingen ting att av bygningar. 636 lærarar frå heile Norge var her frå april til nov. 1942. Dei bygde veg mot Jakobsnes sagbruk, og blei behandla som krigsfangar . Andreas Th. Mygland frå Fjotland og Gabriel Ryen frå Kvinesdal var to av dei. Andreas hadde meldt seg friviljug sidan han ikkje hadde familie. Det skulle vera noen frå kvar bygd. Andreas var heile livet prega av opphaldet her. Men lokalbefolkninga stod på og hjelpte dei mye, og som takk for det, gjekk dei 636 lærarane saman om ei takkegåve etter krigen : Eit bibliotek i Kirkenes.

Vi kjørte vidare og såg noe av Norges eldste fjell. Lengst aust er grensa med Russland ei ny lita elv, Grense Jakobselv. Det blei snakka om å byggja eit militært anlegg for å sikra grensa frå 1826. Det var nemleg stadig kamp mellom russiske fiskarar og nordmenn. I staden blei det føreslått eit kapell som grensepunkt. Det blei eit godt val, og respektert av russarane som hadde respekt for kyrkja. Kapellet stod ferdig i 1869, kong Oscar II var her i 1874 og fekk kapellet oppkalla etter seg. 60-70 menneske budde her då, i 1960 blei det fråflytta. Men det er grensevaktar her, 230 norske og 230 russiske, Vi var observerte, fekk vi vite og måtte ikkje finna på noen sprell.

Til slutt : Bading for noen på den fine sandstranda, andre vassa, dei fleste såg på frå land. Tor Mygland målte 9 grader, slett ikkje så verst, i Barentshavet Vi hadde med oss kaffi og litt niste, og hadde ein fin pause i sola og på dei fine berga.

Tilbake i Kirkenes besøkte vi Grenselandsmuseet , åt lunsj der først. Her blei det fortalt meir om grenseoppgangen i 1826, og om finsk og russisk innvandring. På mange stader var skilta både på norsk, samisk, finsk ( kvensk) og russisk. Men mest snakka guiden om tida under og etter 2.verdskrig. Han snakka som om det hadde skjedd nyleg. 100 finnmarkingar, partisanar, verva seg og fekk opplæring i den sovjetiske armeen. Dei gjorde ein fantastisk og avgjerande innsats under krigen, men fekk ikkje den heideren dei skulle ha etter krigen. Det offisielle Norge var skeptisk til Sovjet, og partisanane blei mistenkeleggjorde. Kong Haralds berømte tale i Kiberg i 1992 hadde retta på mye, men noen hadde enno problem med å gløyma, og var framleis bitre. Øst-Finnmark , til Tana, vart frigjort av russiske soldatar 26.okt. 1944.

Så tur nedover Pasvikdalen, med ein ny og sprudlande guide frå området. Han fortalde om kampen for å behalde området norsk, med skule og kyrkje som eit av midla. Vi besøkte Svanhovd BioForsk, ein avdeling av landbrukshøgskulen på Ås. Dei arbeider med arktisk landbruk og utmark. Inne kunne vi setja oss godt til rette i «kinosalen» og nyta ein naturfilm frå området. På naturmuseet blei det fortalt levande om dyra der, bjørnane fekk mye omtale. Ute var det ein nydeleg og velstelt botanisk hage, og temperaturen var nesten sydleg.

Heilt til slutt besøkte vi 96 høyden (96 m.o.h) Eit tårn som blei brukt av soldatar, både i den varme og den kalde krigen.. I dag er det utsiktstårn med varme vaflar for turistar. Vi kunne sjå Nikel med fabrikkrøyken, og dei endelause skogane på russisk side.

Om kvelden vart det snakka om midnattssola. Vi hadde visst ikkje sett henne, på natta var ho gjerne gøymt bak ei sky, eller eit fjell. Siste dag for midnattssola var forresten 23.juli.

Tysdag 25. juli.
Avreise frå Kirkenes etter ein flott tur med mange sterke inntrykk . Og takk til reiseledar Arne Lervik som la alt greitt til rette, og til bussjåføren Knut Gamst som var med oss heile tida og bidrog med litt guiding under dei lange bussturane.

Ref.: Turid Stakkeland
Foto: Marit Kyllingstad Bråten, Astrid Haughom Tjørhom, Anne Erfjord og Anne Berit Erfjord