Haustmøte 2020.

Haustmøtet blei ein kulturkveld av dei sjeldne, og alle som deltok hadde bakgrunn frå/ tilknytning til Risnes. Folk møtte opp, 83 til saman, og mange frå øvre del av Fjotland. Det viser at slike møte i distrikta har ei viktig rolle.

Sigbjørn Risnes starta. Vi fekk høyra om oppveksten på Risnes under og etter krigen. Det var mye trafikk til og frå Knaben i 40 åra, og seint 1943 – mai 1945 var tyskarane stasjonerte her saman med russiske/ukrainske flyktningar. Dei levde greitt saman. Fangane fekk brød, og ungane på Risnes fekk gåver av dei. Han kom også inn på bombinga på Knaben 3.mars og på Risnes 16.nov 1943.  Mange bomber fall på Risnes, laga store krater, husa rista på grunnmuren, takstein og vindauge vart knust, men ingen menneske blei drept eller skada.( Viser elles til Alf Eftestøl si bok utgitt i 2012: Bombinga på Risnes )

Fornøyeleg var det og å høyra om Terboven sitt besøk ( blei uttala terbouen på Risnes) I følgjet var det flotte bilar og stramme offiserar. Spennande for borna , men dei blei jaga vekk. Ein av offiserane lo høgt, og Sigbjørn tenkte det var Terboven, han var i så fall kanskje ein av få som hadde høyrt Terbovens latter.

Sigbjørn fortalde også om tida etter krigen, det budde 40-50 menneske i krinsen. Der var butikk, telegraf, post, bensinstasjon, danseplatting, knottfabrikk, fotballbane, skule, snikkarskule , sykurs, kveldskurs i engelsk.     Og bedehus/forsamlingshus. Lokalet var ei brakke som var flytta frå Knaben. På innviinga i 1947 kom det 15 bussar til Risnes! Søndagsskule, møteveker, basarar, dei fleste gjekk på alt. Til og med musikklag og barnekor hadde dei med mange musikkinstrument. Sigbjørn fortalde at barnekoret song i Fjotland kyrkje ein gong, og ikkje eit auge var tørt. Repertoaret var solid, blant anna Hitinntil Herren har hjulpet så vel…..

På programmet stod også Sverre og Martha Eftestøl. Dei gav glimt frå far og svigerfar Trygve Eftestøl si hyttebok, festlege skildringar av folk og natur. Sverre spelte innimellom. Først på bukkehorn, deretter på ei munnharpe som 12 år gamle Trygve hadde fått av Oskar Haughom i Flekkefjord i 1913, der dei overnatta på Trygves første bytur. Trygve hadde spelt på ei fele som hang på veggen. Som takk fekk han munnharpa, Oskar skjøna at guten var musikalsk. Eit tredje instrument var neverfløyta laga av Trygve. Til slutt to bruremarsjar på trøorgelet frå Netlandsnes kapell, ein etter Trygve, og den andre komponert av Sverre sjølv.

Matpause: I tillegg til kringler, kaffi og brus , var det også servering av Astrid Netland sine hellekaker, alt vart tomt.

Ingvar Olimstad avslutta med å fortelja  at boka han har skrive om Tønnes Oksefjell: Med hjarte for Kvinesdal  er levert til trykking og klar til sal før jul. Han reklamerte også for dottera Solveig si barnebok Fargeklatten, inntekta av salet går til eit prosjekt for handikappa barn i Nepal.

Ein flott kveld var over.

Ref.: Turid Stakkeland