Kulturminnedagen 2015

Kvinesdal Historielag arrangerte tur 13. september. Kvinesdal har mange nedlagte heiegardar. Denne dagen kjørte vi til Løland som slett ikkje er fråflytta, men har driftige folk. Turen gjekk til Ystestøl som ligg mellom Løland og den fråflytta garden Steinsland, ca 3 km. Langs vegen var store nydyrka myrer og storfe på beite.

Ystestøl på 454 m over havet er fråflytta. Garden har vore busett iallfall frå 1600-talet . I 1808 hadde dei 14 kyr og 24 sauer på garden.

Det er ikkje gamle hus på garden, men ei fin jakthytte. Denne søndagen var det store mengder regn med vindkast, men 10 personar brydde seg ikkje om det og vi fekk ein fin tur. Vi sette oss bak hytta i regnet for å smaka på nista. Så blei vi våte kråkene bedd inn i hytta og hadde det strålande. Det er flott med slike gjestfrie folk.

Ingvald Tjørnhom hadde planlagt turen og fortalde om natur og kultur. Dette var siste turen i år.

På vei mot Ystestøl

Ref.: ABE
Foto: Tor Tjørnhom