Tur til Shetland

Onsdag 3.aug stod vi klar ved Ventebua på Liknes, noen til kom med undervegs, og på Sola var vi til saman 25 personar + Arne Lervik, reiseledar frå Møll. Avreise 13.25 frå Sola, ankomst Aberdeen 13.40, lokal tid. Der venta ein buss med norsktalande guide. Guiden hadde lært seg norsk etter at ho oppdaga kor mange dialektord på Skottland ( og Shetland) som hadde norrønt opphav. Vi vart tatt med på ein rundtur i Aberdeen, ein fin by. Først stoppa vi ved Kings College frå 1495, dei hadde trykkeri, kapell frå 1500. Ein kjent biskop William Elphirestone, heldt til der. Vi var også innom ein pittoresk fiskerlandsby Fittie (eller Footdee) som vi utforska til fots, kunne gjerne hatt lenger tid der. Klokka 19.00 gjekk ferja til Shetland, vi hadde middag om bord og overnatting i greie lugarar. Neste morgon frukost før vi gjekk i land i Lerwick.

Først litt generelt om Shetland. Shetland består av 100 øyar og skjer, 15 der det bur folk. Mainland er den største , men vi besøkte også Yell og Unst, og Mousa, den siste har det ikkje budd folk på sidan 1800. Rundt 23000 menneske til saman, omkring 8000 i Lerwick, den einaste byen. 200 000 sauer, ein del shetlandskyr og sjølvsagt shetlandsponniar hindrar landskapet frå å gro igjen. Dyra gjekk stort sett ute heile året, vi såg bare noen få rundballar med høy. Ville dyr elles var det lite av, bortsett frå sjødyr, og rundt 1million fuglar.

Historia. I året 875 e.Kr. kom Harald Hårfagre til Shetland ( Hjaltland då ), han gjekk i land i Harolds- wick på den nordlegaste øya Unst, og Shetland ( + Orknøyane m.fl ) blei ein del av Norge, seinare Danmark-Norge. Mange skandinavar busette seg der, det er ikkje heilt sikkert om piktarane , eit keltisk folkeslag som budde der først, vart utrydda av vikingane, eller assimilerte/ budde der vidare. Vi får håpe det siste. Men i 1469 måtte kong Christian 1. pantsetja øyane , dei var medgift då dottera Margrethe skulle gifta seg med Jakob III av Skottland. Panten blei aldri innløyst, og sidan 1707 har Shetland vore ein del av Storbritannia.

Frå dag til dag.

4.august. Tur sørover på Mainland på veg til Jarlshof heilt sør på øya. Her såg vi grøne jorde og hus av tre. Vi var innom ein fantastisk fuglekoloni, med spesielt mye lundefugl før vi kom til Jarlshof . Det er ein unik arkeologisk stad der restar og ruinar frå steinalder, bronsealder, jernalder, vikingtid og middelalderen er funne på ein avgrensa plass. Det siste var eit slott bygd av Orknøyjarlen Patrick Steward , Black Patrick, svært upopulær. Der er også rester av ein Broch , eit rundt steintårn frå jernalderen. Det er mange av dei på Shetland, rundt 100. Litt usikkert om det var eit forsvarstårn, ein festning for lokale landeigarar eller eit prestisjebygg for viktige familiar. Det er også litt usikkert om det var tak på dei, mest sannsynleg var det tak av tre og gras, sjølv om det er lite tre på Shetland. Etter lunsj reiste vi mot Lerwick, ein del ville til byen og hotellet. Men omkring halvparten av gruppa tok ferje frå Sandwick til øya Mousa for å sjå den best bevarte av alle Brochane, 13 m høg og 17 m i diameter. Ein selkoloni fekk vi også med oss, og fuglar som skarv og tjuvjo eller storjo. Dei siste var aggressive rovfuglar, litt gråbrune, såg ut som måkefuglar. Om kvelden var det middag på Queens Hotel der vi overnatta 2 netter.

5.august. Tur nordover på Mainland , det meste av landskapet var torvmyrar. Vi kjørte langs ein fjord , kom til Voe ( våg ?) og såg oppdrettsanlegg, spesielt «dyrka» dei blåskjell. Litt lenger nord låg Brae med ein oljeterminal. 1978 kom den første oljepumpa. Oljen har gjort Shetland til eit velstandssamfunn. Nær Brae kjørte bussen litt sakte forbi ein turistattraksjon : Eit felt med barskog! Brukt som ekskursjonsområde for at elevar og studentar skulle få oppleve å gå tur i skogen. Frå Toft gjekk ferja til øya Yell med 1000 innbyggjarar. Her var det også mye torvmyrar, ufruktbar jord, fiske var viktig. Fiskarane rodde opp tiI 6 mil ut på sjøen. Mange drukna. I 1832 drukna 105 personar, the Laird kravde betaling for båten, av enkene. Vi besøkte eit fiskeri- og kvalmuseum på Yell, og rett før ferjeleiet Gutcher var vi innom eit 10 år gamalt veveri og kunstgalleri, Global Art. Mye fint å sjå.

10 min ferjetur til Unst ( 1050 innb). Her var det eit meir arktisk klima, tundra, ikkje torv, det måtte folk skaffa seg frå Yell. Guiden fortalde om ein veldig sjeldan plante, ein stjerneblom i slekt med vassarve, som vaks på Keen of Hamar. Den heitte Edmonston’s Chickweed, oppdaga av Thomas Edmoston i 1837. Vi besøkte Unst Heritage Centre, Haroldswick. Siste post på programmet var ein busstur til Saxa Vord, med fantastisk utsikt blant anna til Hermaness naturreservat, og fyret lengs nord i Storbr. : Myckle Flugga. Tilbake til middag på hotellet.

6.august . Etter frukost og utsjekking hadde vi ein tur i nærområdet. Først stansa vi ved Brochen Clickimin . Her brukte dei å ha ein seremoni ved innsetjing av nye kongar. Så vidare til Scalloway, den gamle hovudstaden på Shetland. Restane etter eit slott bygd av Black Patrick i 1599, er verd eit besøk. Men det viktigaste for dei fleste var nok museet der historia til Shetlandsgjengen er fortalt ( 5 år gamalt ) og minnestøtta i gata utanfor. Scalloway hadde god hamn, var litt utanfor det travlaste livet , og ikkje minst ein stad der dei kunne reparera båtane. Derfor reiste dei hit, sjølv om staden ligg på vestsida . Etter ein god lunsj, kjørte vi tilbake til Lerwick om Tingwall. Vi hadde tid til ein sightseeingtur til fots i byen, og litt tid på eiga hand før vi sa farvel til guiden vår Robina Rendall Barton og gjekk om bord i ferja til middag og overnatting. (Det var lite kjøpepress på Shetland, men ein del hadde med seg strikkevarer og garn i bagasjen.)

7.august . Tilbake i Aberdeen. Her møtte vi igjen guiden frå ankomstdagen. Denne gongen vart vi tatt med til slottet Castle Fraser som opna tidlegare enn vanleg på ein søndag, spesielt for oss. Michael Fraser kom hit på 1500 talet, frå Frankrike. Son hans Lord Andrew bygde slottet ferdig i 1633. Theodora, 2. kona til den siste lorden, flytta frå slottet i 1921. Begge ekteskapa til lorden var barnlause, og slottet vart seld privat. Frå 1976 eigd av eit nasjonalt fond. Flinke og engasjerte guidar viste oss rundt, slottet var godt tatt vare på, det var kjekt at vi fekk med oss dette. Og hagen utanfor var eit syn! Klokka 13.00 var vi på flyet, og vi landa på Sola rundt 15.00, norsk tid. Takk til reiseledaren vår Arne Lervik, som stod på for oss heile turen. Han tolka til norsk når guidane snakka engelsk, mange sette pris på det.

Ref.: Turid Stakkeland
Foto: Johannes Hamre