Førjulsmøte 2023

Gjert Kristiansen held på å skriva bok om rosemålare frå Agder. Han fortalde om arbeidet og noko av det han hadde funne, spesielt om målarane frå Fjotland. Johannes Risnes tok spesielt for seg fleire funn i USA etter fjotlandsmålarane.
Etter grautmåltidet, godt og fint laga av Merete Breimoen, fortalde Øyvind Hiorth Lid om boka «Kulturhistoriske turer i Kvinesdal». Mange kjøpte boka og vi har høyrt mykje bra frå folk som fekk boka til jul.

Ref. ABE