Haustmøte 2009

Tema var den andre verdskrigen. Magne Haugland sin samtale med Rolf Smith Sunde, 89 år, frå Flekkefjord, var verkeleg verd å høyra på. Smith Sunde var aktiv i krinsen rundt Gunvald Tomstad, og han fortalde levande og klart om hendingar frå distriktet. Responsen var god, og spørsmåla etterpå var mange frå noen av dei om lag 85 tilhøyrarane i salen. Som om ikkje det var nok så var Marit, dottera til Gunvald Tomstad, i salen, og ho tok ordet på oppfordring. Det var sterkt å høyra det ho fortalde. Møtet avslutta med framvising av bilete frå historielaget sin tur til Normandie med spesielt vekt på strendene der invasjonen gjekk føre seg. Johannes Hamre hadde vore fotograf og kommenterte bileta. God kringle, passeleg mengde var det også. Ein flott kveld.