Ulland-Bjelland-Røyneskogen-Sæveland

Kvinesdal Historielag hadde tur søndag 31. mai. 27 personar frå Kvinesdal kom med buss til Ulland. Her venta 28 personar, mestedelen frå Farsund kommune. Det blei ein flott flokk som starta på ei løype som var ukjent for dei fleste, sjølv om denne løypa kan i mange hundre år ha vore del av ein gamal «kongeveg» til Huseby på Lista. På fin skogsveg gjekk turen raskt til «Sogneskiftet» som før var grensa mellom Feda og Herad, nå Kvinesdal og Farsund kommunar.

Første garden var Bjelland, ein nedlagt gard med tre bruk, alle med spesiell historie. Fjellebruket låg inne i ein granskog. Restar av husmur, jorplehus, Slaktarsteinen og ein brønn som låg på høgaste staden, var minne frå det bruket. På neste bruk var murane nyare og eit stort morelltre sto med blomster i toppen ned på ei dyrka eng. På tredje bruket oppr på ein bakke, var det åpent og fint og her hadde vi første matpausen. Bare murar her også og bratte dyrka teigar.

Turen gjekk vidare ned Bjellandsdalen mot Røynskogen. Vi hadde ein stopp ved Stigningshellaren og litt lenger aust ved ein stor fin husmur sett opp av ein ungdom som så hadde reist til USA og ingen høyrde meir til han.
Så måtte folk velja om dei ville vera med på ein utfordrande tur i kronglet terreng til Røynskogkyrkja, eller dei ville gå ein lettare veg direkte til Røynåsen. Dei fleste gjekk til hellaren og var inne i «kyrkja» der sagnet fortel dei hadde katolske messer etter reformasjonen.

Snart nådde vi ein skogsveg og hadde ny matpause på garden Røynskogen. Her er åpent landskap etter som all grana er hogd ut. Det var murar og andre minne på begge bruka her.

Folk gjekk raskt nedover på vegen høgt over og ned til osen av Bjørtjødna. Bekken herfrå var ein liten utfordring etter regnet, men alle kom over, dei fleste tørre.

Nede på Sæveland var det fleire som nytta høvet til å sjå Sævelandshellaren der det er plass til ein heil skuleklasse.

Det som gjorde turen ekstra fin, var sjølvsagt veret og dei flotte folka som var med. Det var ekstra moro at det var med folk med familiebakgrunn til både Bjelland og Røynskogen. Og stor takk til dei lokalkjende naturlosane; Per Helge med sonen Hans Magne Ulland og Ragnvald Ofte. Dei fortalde om vegar, folk, lytting av radio under krigen, om Rige-Nils på Bjelland, om gardsbruk som kom på tvangsauksjon og nye folk kom inn. Fleire andre som var med på turen, hadde og noko å fortelja. Sjølv om vi har mange fine merka turløyper i Kvinesdal, burde vi oftare også ta turar i nabokommunane. Det er laga fine turkart for alle kommunane med merka løyper og tips om interessante stader.
Det var ei utfordring for bussen å koma innover mot Sæveland, men ein dyktig sjåfør i Nettbuss greidde det.

Ref.: ABE
Foto: Malin Stokkeland