Tur frå Josdal til Homstøl

Søndag 20.juni hadde vi ein strålande tur over heia, fint turver og terrenget var lett å gå. Omkring 70 personar gjekk frå Atlakstøl, sør for Åmelvatnet, over Homstølrindan og ned mot Homstølvatnet der garden Homstøl låg før neddemminga. Kjentmann og guide Sigbjørn Risnes gjorde ein framifrå jobb med å halda flokken samla, og med interessante opplysningar undervegs. Blant anna gjekk vi forbi fleire brudle, Anne Berit Erfjord orienterte om brudlene. Stien vi gjekk på var den gamle ferdselsvegen til og frå Homstøl, det var helst ein sommarsti. Vintervegen gjekk nok om Åsmundskaret og inn på Salmelivegen. Då Salmeligrenda flytta over til Fjotland i 1903, blei stien mindre viktig, men blei ganske flittig brukt til ca.1950.

Opp gjennom tidene har det vore flittig samferdsel mellom Sirdal og Fjotland, frå Salmeli gjekk det sti til Guddal og Josdal, frå Homstøl til Josdal, frå Risnes til Tonstad, frå Netland til Listøl og Øksendal, frå Lindefjell til Øksendal og frå Seland og Lindeland til Oftedal. Desse stiane er alle av kulturhistorisk interesse. Ville det vera ein tanke at Sirdal og Kvinesdal kommunar saman med interesserte lag og personar gjekk i gang med varsam merking og rydding av desse stiane?