Årsmøte 2008

Kvinesdal Historielag sitt årsmøte torsdag 6. mars på Kvinesdal videregående skole samla rett under 150 interesserte.

Vi hadde invitert Jens Brekke frå Vik i Sogn til å kåsera om Per Sivle. Han hadde med trekkspelet sitt. Wenche Hunsbedt Svindland hadde øvd inn fleire Sivle-songar og dei to saman fann rask tona. Per Sivle hadde eit tragisk liv på mange måtar. Likevel har han dikta nokre av dei finaste songane vi har i landet. Jens Brekke fekk fram det tragiske, dei gode hendingane i livet til Sivle og ikkje minst humoren. Med ei feilknappa gamal kofte på seg framførde Jens fleire av vossastubbane, alt på eit flott sognamål.

Årsmøtesakene gjekk som vanleg raskt unna. Smørbrød og bløtkake laga av elevbedrifta på skolen smaka og her var nok til alle. Det var bare lodd det blei litt for lite av.
Les årsmeldingen for Kvinesdal Historielag

Ref.: ABE