Orknøyane 2022

Torsdag 29. september:
Bussen gjekk frå ventebua i Liknes med 18 forventingsfulle deltakarar. På Sola møtte vi guiden vår, arkeolog Arnvid Lillehammer før avreise med Loganair. Det blei ei lang mellomlanding i Edinburgh før vi landa i Kirkwall kl. 17.25. Vi sjekka inn på The Kirkwall Hotel ved hamna i Kirkwall, ein ærverdig viktoriansk bygning med sjel og knirkande golv. Her venta middag på oss, der vi bl.a. fekk servert tradisjonell yorkshirepudding, som ikkje alle hadde smakt før. Og neste morgon var det nokre av oss som åt haggis til frukost. Det er moro med lokal mat når ein er ute og reiser.

Fyrst litt generelt om Orknøyane:
Dette er ei øygruppe som ligg nord for Skottland, og har over 70 øyer og holmar. Den største er Mainland. Øyane har om lag 22.000 innbyggjarar, og ein tredjedel av dei bur i Kirkwall.

Frå vikingtida til middelalderen blei det tala norsk på Orknøyane, det er kjent frå runeinnskrifter frå før år 1200. På 16-1700-talet levde eit norsk folkemål kalla norn, ved sida av lågskotsk. Mange norske stadnamn og ord lever enno i orknøysk dialekt. På Orknøyane fins det spor etter menneske som levde der for over 5000 år sidan.

Så attende til turen vår.

Fredag 30. september:

Som ein veit er vêret på Orknøyane ustabilt, spesielt utpå hausten, noko me verkeleg fekk oppleve denne dagen! Det var lite anna enn regn å sjå frå bussvindauga. Fyrste stopp var Standing Stones of Stenness, der vi gjekk ut av bussen og blei våte fyrst som sist. Både regn og vind var kraftig, så då me like etter passerte Ring of Brodgar, såg me dette berre dette frå bussen. Ingen hadde lyst til å ut att i uvéret. Her står no berre 27 av 60 steinar att. Formålet med steinsirkelen er ukjent, men ein trur den har samanhang med Stones of Stenness og Maeshowe, som ligg i same område.

Då vi kom til Skara Brae, som også var på programmet denne dagen, var heile området stengt, pga vêret, men vi fekk heldigvis endra billettane til neste dag. Så me var tidleg attende i Kirkwall i regnvêret, der alle fekk god tid til å gå for seg sjølve eller saman i grupper. Nokre shoppa handstrikka gensarar, andre var inne i den storslagne St. Magnuskatedralen som blei oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for sin onkel Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet startet i 1137. Katedralen har store likskapar med Nidarosdomen.

Laurdag 1. oktober

Dagen starta med besøk i Maeshowe Chambered Cairn, ei av dei flottaste megalittgravene i Nordvest-Europa. Gravhaugen er 7 m høg og 35 m i diameter. Vi måtte bøya oss godt da vi gjekk inn den 11 m lange steinsette gangen inn til gravkammeret som er bygd i tørrmur. Med oss hadde vi ein lokal guide som var utroleg kunnskapsrik og som fortalte oss levande om både bygginga av Maeshowe, og om den norrøne «festen» rundt juletider i 1153 (jfr. Orknøyingenes saga). Frå denne tida er det ei mengde med runeinskripssjonar på veggane her. Nokre av steinblokkene er fleire tonn tunge, imponerande bygd. Imponerande er også eit tredvetals norrøne runeinskripsjonar på veggene i gravkammeret. Ved vintersolverv ligg Maeshowe på line med sola når ho går ned bak fjellet på øya Hoy, og solstripa lyser opp den mørke passasjen og treff bakveggen på gravkammeret.

Neste høgdepunkt denne dagen var Skara Brae. Dette er ei forhistorisk busetnad i bukta Bay of Scaill på vestkysten av Mainland. Ein trur at det budde om lag 50 til 100 piktarar her mellom ca 3200 og 2200 f. kr, då det blei klimaendringar og busetnaden blei forlaten. Landsbyen blei så godt bevart fordi husa blei dekka av flygesand, truleg kort tid etter at dei ble forlatne for om lag 4000 år sidan, og det grodde til. Busetnaden var gøymd heilt fram til 1850, då kraftige bølgjer og vind fjerna graset og sanden, og fleire steinhus kom opp i dagen. Skara Brae blir gjerne omtalt som «Skottlands Pompeii». Me kunne sjå både senger, hyller, ildstader og kjøkkenreiskaper av stein, og sjå korleis dei budde for 5000 år sidan, lenge før pyramidane i Egypt vart bygde!

Like ved Skara Brae besøkte vi Skaill House, den lokale lordens residens, en herregård bygd i 1620. Turen gjekk vidare til Birsay, der me såg på Birsay Earl’s Palace. Ein kan somme tider gå turrskodd over eidet til Brough of Birsay ved fjøre sjø, men denne dagen var dette umogeleg med kraftig vind og høg sjø. Men det var eit mektig landskap og flotte bølgjer her denne dagen. Utpå ettermiddagen stoppa vi ved The Orphir Round Kirk, før vi returnerte til Kirkwall og middag på hotellet.

Sundag 2. oktober

Denne dagen gjekk turen til austre Mainland, øya Lamb Holm og øya South Ronaldsey. Første stopp var the Italian Chapel på Lamb Holm. Italienske krigsfanger som engelskmennene tok til fange i Nord-Afrika under den andre verdskrigen, var på øya mellom 1942 og 1945 for å hjelpa til med å byggja the Churchill Barriers. Italienerene ynskte sterkt å få si eiga kyrkje. Dei fekk overta to Nissen Hut, som vart sett saman, interiøret blei kalka og alteret blei laga av betong som var til overs ved arbeidet med barrierane. Kapellet har òg ein skjermfasade som ble laga for å skjula den stygge konstruksjonen. Interiøret blei dekorert av Domenico Chiocchetti fra Moens som blei attende på øya for å fullføra kapellet etter at de andre fangene slapp fri på slutten av krigen. I 1958 blei kapellet restaurert og i 1960 kom Chiocchetti tilbake til kapellet for å hjelpa til med arbeidet.

Vi køyrde over fleire av The Churchills Barriers, og stoppa i St. Margarets Hope, der vi stod og såg utover der Håkon Håkonson segla i 1263.

Så var det byvandring i Kirkwall med guiden vår, Arnvid Lillehammer. Vi stoppa ved St. Magnuskatedralen som då var stengt, men dei fleste av oss hadde difor sett denne innvendig på fredag eller laurdag. Ruinane av Biskopens Palass, tvers andsynes katedralen, blei grunnlagt samstundes med katedralen, av biskop William i 1137. I dag ser palasset ut som ein ruin frå 1600-talet. Siste stopp på byvandringa var Jarlens Palass i Kirkwall som blei oppført mellom 1600 og 1607 av Jarl Patrick Stewart.

Etter ein god lunsj gjekk bussen til Kirkwall Airport og deretter fly til Edinburgh der vi budde to netter på IBIS Styles Edinburgh St Andrew Square.

Mandag 3. oktober
Denne dagen var det berre frukost og middag som var felles. Hotellet ligg sentralt i byen med gangavstand til attraksjoner og shopping. Nokre spaserte til Edinburgh Castle, andre ville shoppa. Fleire tok sightseeing med buss, Edinburgh hop-on hop-off bus tour, som hadde startstad like utanfor hotellet. Ei lita gruppe tok bussturen Three Bridges, som også inkluderte båttur på elva Forth, der det er 3 store bruer. Om kvelden spanderte Kvinesdal Historielag middag på Bread Street Kitchen & Bar – ein av Gordon Ramsays restauranter. Ein smakfull og flott avslutning på turen vår.

Tysdag 4. oktober
Vi sto opp grytidlig og sjekka ut av hotellet, buss til Edinburgh Airport og avreise med Loganair kl 06.25. Buss tilbake frå Stavanger til Kvinesdal. Turen var lagt opp av Sirdalsbussen AS i samarbeid med historielaget.

Tekst og bilde : Anne Erfjord