Tur til Jelsa

Ryfylketur 24.april

kl 8.30 starta vi med buss frå Promenaden, med rundt 90 påmeldte. På bussen fortalde Anne Berit litt om møtet sitt med Rolf, og med Ryfylke. Ved kaia i Stavanger låg Helgøyekspressen klar, med John Arne Helgøy som skipper og guide.
Båtturen innover gjekk strålande, nydeleg ver. Det vart litt guiding innover fjorden om dei ulike stadene vi såg.
Første og einaste stopp der vi gjekk i land, var Jelsa. Nydeleg bygd med små og velstelte kvite hus, mange var feriebustader. Det blei gåtur på 500 m opptil Jelsa hotell .
Jelsa hotell hadde vore aldersheim, rundt 2013 blei det lagt ned. Arbeidarar frå Litauen hadde budd der noen år. Men i januar 2021 vart det opna restaureant her. Vi fekk kortreist mat, ost og pølse frå lokale leverandørar. Utanfor hotellet etter maten fekk vi foredrag ved Ingvar Olimstad om Jelsa og Hylsfjorden.
Jelsa var handelsstad og eit naturleg knutepunkt i Ryfylke, ved starten av Sands- og Saudafjorden. Veldig sentralt når den viktigaste ferdselsvegen var fjorden. Han fortalde om Olav den heilage som etter segnene har vore innover i fjordane . Olav segla bl.a. inn Hylsfjorden, fjorden opna seg for han, Hylsskardet vart resultatet. Han fortalde om den blinde fiskaren som fekk ein underleg fangst i sjøen utanfor Jelsa. Det var tungt, og ingen fisk. Eit krusifiks viste det seg då han fekk det opp til ripa. Men inn i båten var det umuleg å få det. Han nemnde fleire kyrkjer han ville gi det til, men først då han sa Røldal, løsna det. Under strevet hadde han fått synet igjen. Krusifikset vart frakta til Røldal. Jonsoknatta sveitta krusifikset, og den sveitten kunne gjera folk friske. Røldal kyrkje vart eit mål for pilegrimar.
Før vi gjekk om bord i båten, var vi også innom Jelsa kyrkje. Øystein Haga fortalde og spelte på sjølvlaga okarin. Det vart bygd stavkyrkje her etter 1025, men no er ingen stavkyrkjer att i Ryfylke. Rundt 1620 vart det bygd ny kyrkje rundt stavkyrkja, fint måla og dekorert. Men i 1859 vart rankene i raudt og gult, apostlane på preikestolen m.a., den nattsvarte himmelen med tusen soler og stjerner overmåla med kvitt for at kyrkjelyden skulle konsentrera seg om preika. I 1950 vart kvitmålinga fjerna, og kyrkja er som før.
Jøsenfjorden. På heimvegen reiste vi inn Jøsenfjorden så langt at vi såg Førre i den inste enden. Vi hadde noen små stopp. Først ved Skomagernibbå. Ein skomager var dømt til døden for eit mord, han skulle få behalda livet om han kunne sitja på toppen og sola eit par sko. Men der såg han eit brurefølgje koma roande inn, brura var ekskjærasten hans. Det vart for mykje, han ramla ned og omkom. Neste stopp var Osmundshamn. John Arne fekk båten heilt inn til fjellet, «snudde på ein femøring» på veg ut att, til applaus. Osmund og ein kamerat var begge forelska i den fagre husmannsjenta Johanna frå Bjelland. Kameraten rodde inn til Tøtlandsvik, medan Osmund følgde ein bratt sti fleire hundre m opp. Han kom først fram til jenta, og fekk henne.
Den siste stansen var ved Segadalen, der stod ei fint restaurert kvern. Garden ligg litt opp frå fjorden, her budde Ola Segadal til 1999. Ein mann i Segadalen hadde skote to jervar og fekk 900 kr i skotpremie. Pengane blei brukt til eit kraftverk og til ein ny fiskebåt.
På tilbakevegen til Stavanger, kjørte vi så nær at vi fekk sjå brua som bind Helgøy med fastlandet, den skulle opnast offisielt om noen få dagar.

Takk til Olaug F. Lindefjell og John Arne for flott tur.

Ref. Turid Stakkeland
Foto Johnny Eftestøl