Olsok på Knaben Alpinsenter

Olsok på Storstova på Knaben 29. juli 2023
Det blei eit flott arrangement på Knaben med omtrent 90 frammøtte. Bra kjøkken ( med oppvaskmaskin for første gong) , god musikk, lokalt og aktuelt foredrag, rømmegraut laga av Kjellaug Hystad med hjelparar, spekemat på grillspyd, skuffekaker og kaffi. Maten gjekk unna.

Musikk ved Sverre Eftestøl og svogeren Bjarne Stølen, begge med trekkspel. Noen sjølvlaga melodiar, og noen klassiske, frå vals og folkesongar til messe. To avdelingar blei det. Flott å høyra på , siste stykket var ei voggevise av Brahms.

Arne Knaben var hovudpersonen denne kvelden. Han budde på Knaben frå 1958 til gruva vart nedlagt i 1973. Foreldra var Edith f. Hølmebakk og Lars Knaben. Faren var vaktmann på grua til 1978, grua vart avvikla i løpet av 5 år. Han fortalde om oppveksten, det var eit eventyr. Der var søndagsskule med juletrefest, kino, og nærkontakt med grua. Han og kameratane laga kassebilar av materiale dei fann ute. Det var eit fritt og godt liv med ungar og lys i alle hus. Men som 15 åring, i 1973, opplevde han nedturen. Gruva vart stengt, flyttebilane drog med full last, og den eine etter den andre av kameratane flytta, lysa blei sløkt og husa stod tomme. Noen blei brukt som feriehus.

– Vi kjende oss som taparar, sa Arne.

Forldra bygde hus på Knaben gard og flytta dit i 1978. Arne bruker dette huset mye, han er knabar.

Ref.: Turid Stakkeland