Tur på barnevandrarstien

Kvinesdal Historielag hadde tur på barnevandrarstien søndag 21. august. I fjor gjekk turen på 1. etappe av stien som startar i Årli. I år gjekk vi på 2. etappe av barnevandrarstien. Heile etappen går frå Snartemo til Konsmo og er på 18 km. Vi tok ikkje heile turen, men starta på Snartemo og gjekk til Mydland Gard. I fjor fekk vi regn etter turen hadde starta. I år regna det godt før turen starta og under heile turen, men 23 av den harde kjernen var med bussen. Ved Snartemosverdet sto Jørgen Mydland klar for å vera naturlos. Han fortalde litt om Snartemo og funnet av sverdet som syner at stad en var viktig i folkevandringstida. Turen gjekk gjennom garden og bratt opp i Snartemo-Kleivan. Heldigvis stansa Jørgen fleire gonger og fortalde om hendingar og stader som Dåpskjella, Brudesteinen, Stompeløa og andre. Jørgen var det siste dåpsbarnet som hadde som hadde blitt boren til kyrkja denne vegen.

Dei siste par kilometrane var nokså “flate” og vi brukte litt under to timar på heile turen. Då var det godt å koma under tak i eit varmt hus på Mydland Gard og til eit flott dekka bord med mykje god mat. Det blei ei lang god stund ved bordet med gode samtalar. To av turfolka hadde fødselsdag, så det blei to gonger “Happy Birthday”. Då Ingvald Tjørnhom fortalde han hadde fødselsdag søndagen etter, måtte han og få ein song.

Det var same Ingvald som leia turen med stø styring og mange opplysningar om det meste. Vi vil takka Jørgen Mydland for flott orientering på turen. Og så hadde vi ein grei sjåfør som til og med hadde eit Kvinesdalsnamn.

Denne turen er sers godt merka på tydeleg skogsveg og sti. Då vi gjekk her i regnet, måtte vi tenkja på barna som vandra i all slags ver og hadde korkje klede eller mat som oss.

Ref.: ABE