Tur til Salmeli

Søndag 22.juli arrangerte historielaget tur til Salmeli og Meljevatnet. Litt over 50 personar samla seg i tunet der oppe, garden til Lene Olsen og sambuaren Per Øyvind Tørresen Bergmann. Lene overtok garden etter at Lars Salmeli (1929-1996) døydde, foreldra hennar passa på bruket noen år. Dei driv med ammekyr og sauer og er her mye, fortalde Lene. Jorder som ikkje har blitt slått sidan 70-talet, blir no slått. Dei vil driva det og fortsetja slik som det var før, om det er muleg.

 I tunet fortalde Torfinn Hageland historia om Salmeli, om folka og dei fire bruka. På gardane dyrka dei korn og poteter, høyet kom frå stølane. Det blei sett i stakk eller lagt i løer og kjørt heim på vinteren. Smør og ost blei laga, fisk, fugl og ville dyr var viktig matauk og attåtinntekt. I 1994 blei Salmeli eit av 104 verdifulle kulturlandskap i Noreg, mykje på grunn av biologisk mangfald , spesielt solblomen, eller jønsokblomen som han vart kalla i Fjotland. Solblomen veks på ugjødsla slåttemark.

Turen gjekk så innover mot Meljestøl, 4 km frå Salmeli. Stølen høyrde til Liland, men blei kjøpt av Salmeli for maljer (bunadspenner) og ein bukk, skriv Tobias Salmeli i boka si « Salmeli». Det var nydeleg heieterreng, litt stigning i starten, elles veldig lett å gå.

Vi hadde matpause ved «Niagarafossen», ein foss i Meljeåne.  I ein skråbakke rett før Meljevatnet, leste Torfinn Hageland ei sterk historie frå Tobias Salmeli si bok: Ulukka 16.mars 1891. Torkel 34 år, på bruket der ute hadde vore i fjøset, han såg dei hadde lite høy og ville til Meljestøl og henta eit lass før snøsmeltinga tok til for alvor. Han gjekk aleine. På Meljestøl  lesste han høy frå ein høystakk på hestesleden, det gjekk bra. Men i ein skråbakke i andre enden av Meljevatnet velta sleden, og Torkel som gjekk på nedsida for å halda lasset, fekk sleden over seg. Han prøvde å jaga på hesten, men hesten hadde fått ei av skjækene over ryggen og var ikkje til å rikke. Gunhild, kona, kom for å leita etter han då han ikkje kom heim att. Ho måtte henta hjelp, faren Per blei med. Men då hjelpa kom fram, hadde Torkel frose i hel Dei fekk velta av høyet og snudd sleden. Torkel vart kjørt til gards, og seinare gravlagt på Tonstad kyrkje gard.

Etter 3 km kom vi til ein fin utsiktsplass ved Meljevatnet, der såg vi Meljestølen og eit par hytter til. Vi snudde der.

Det blei ein vellukka tur mye takka vera Torfinn Hageland, ein flink naturlos. Han orienterte og greidde å halda flokken samla. Veret gjorde også sitt, sol, varmt med ein liten bris i lufta.

Referat: Turid Stakkeland
Foto: Ingeborg Krogsgaard