Vestlandstur

Referat Vestlandstur 23.8 – 27.8. 2021

Mandag 23.8.  Fly frå Sola om Gardermoen til Kristiansund der vi gjekk rett inn i Sirdalsbussen som sjåfør Bjørn Malmo og reiseleder Reidun Høyland hadde køyrt opp dagen før. Vi var 30 personar pluss reiseleder Arne Lervik. Turen gjekk sørover mot Atlanterhavsvegen, litt grått ver, men fint å sjå denne vegen vi hadde høyrt om. Vi fekk ein fin stans og nokre gjekk ein runde på tilrettelagt løype, her oppdaga vi både moltelauv og flott lyng. Turen gjekk vidare sørover der vi såg Hustadvika og stoppa i Bud. Her smaka det med fiskesuppe på Bryggjen hos John Einar Solheim. Han fortalde engasjert om kor viktig området var i Norgeshistoria, om fiskeveret Bjørnsund som hadde vore eit viktig fiskevær, men måtte gi opp fordi det ikkje var vatn der, nå er det bare brukt om sommaren. Vidare fortalde han om Viking Sky og det som hende i 2019 der 1373 menneske var om bord. Det var eit under at det gjekk bra, vi såg halve ankeret på utsida. Då var havet roleg, men neste dag holdt hurtigruteskipet på å gå på grunn.
Vi sjekka inn på hotell Brosund i Ålesund med middag kl. 21.00, nyfiska kveite, den beste eg har ete.

Tysdag 24.8. Litt småregn, men nokså god sikt. Her møtte vi som avtalt Harald Grytten – med krakkjen. Han var hos oss på årsmøtet i 2012 og kåserte om Ålesund. Han var den same, engasjert og kunnskapsrik med ein tydeleg fin dialekt og han presiserte at vi nå var på Sunnmøre og ingen annan stad og byen her var unik, sentrum bygd på øyene Aspøya og Nørvøya. Dette såg vi tydeleg då bussen tok oss opp på Byfjellet Aksla, her er 360 graders utsyn. Grytten synte oss området som brann i 1904, i alt 850 hus, eit einaste hus blei ståande intakt. Av 12000 menneske var det ei kvinne som omkom. Etter brannen kom mange arkitektar og andre ekspertar til byen som raskt blei bygd opp, då i jugendstil. Nede i byen att, stoppa vi med Waldehuset, som sto etter brannen. Vi vandra litt saman med Grytten som viste oss både hus og «Ålesundsoriginaler» Diverre fekk vi ikkje sett statuen av han sjølv med krakkjen.
Turen vidare gjekk til  Solavågen med ferje til Festøy og vidare til Ivar Aasensenteret i Ørsta. Her fekk vi Brennsnut» og det smaka godt  denne litt kjølige dagen. Vi fekk omvising både inne i museet og ute i bakken der Ivar Aasen hadde vandra ut og gått rundt i Sør-Noreg og samla ord og uttrykk. Han var på Feda og fann ikkje så mykje, skreiv han. Det var meir interessant då han kom gåande over heia frå Sirdal og møtte Tosten Lindhom i Lindhom og andre fjotlendingar.
Frå Ørsta køyrde vi mot Hotel Union Øye, etter ein liten ferjetur Sæbø – Leknes. Dette var som eit eventyrhotell, starta i 1891 med 29 rom, der mange prominente personar har budd. Alle rom har namn etter dei mest kjente. Middagen her hadde tre rettar, med eit par småretter i tillegg. Etterpå fortalde ei av dei tilsette om staden og hotellet, veldig interessant.

Onsdag 25.8. Eit kort stykke frå hotellet hadde vi ein liten stopp i den tronge Norangsdalen. Eit ras i 1908 stengte elva som her blei Lygnstøylvatnet og ei heil setergrend blei lagt i vatn. I klårt ver kan ein sjå tydelege restar av bygningar, steinhagar mm. Denne grå regntunge dagen såg vi likevel konturar av bygningar.
I Loen sto guide Olaf Farleide og venta på oss. Gondolbanen Skylift var først på programmet. Banen som blei åpna i 2017 gjekk 1011 m rett opp. Nokre av oss var nok litt urolege på veg opp, opp i skodda. Vi sat godt inne i restauranten med kaffi og vaflar medan guiden fortalde om banen.
Vel nede att, køyrde vi mot Loenvatnet og inn til Kjenndalsstova. Guiden fortalde om rasa, først i 1905 då 61 menneske på gardane Nesdal og Bødal omkom (bare ni blei funnen). Utruleg nok blei gardane bygd opp att, men i 1936 kom nytt ras på same staden, nå var det 74 som omkom i flodbølgja som kom 70 m opp. Frå Kjenndalsstova der vi fekk servert viltgryte, såg vi rett på Ramnefjellet med merke etter rasa. På vegen tilbake, stoppa vi på Nesodden der det er minnetavle med namn på dei omkomne som ikkje blei funne. Utanfor Loen kyrkje er det to høge minnesteinar med namn på alle omkomne. Vi la merke til at kyrkja var bygd i 1837, like gamal som Kvinesdal kyrkje. Olaf Farleide fekk stor takk for flott guiding – også han på sin fine dialekt.
Det blei ein litt lang køyretur mot Balestrand, men ein grei stopp på toppen av Gaularfjellet der ein av dei spektakulære rasteplassane til Vegvesenet ligg.
Hotellet Kvikne har ein eldre del og ein ny. Vi fekk rom i 8.et. i det nye med utsikt mot Sognefjorden. Det blei trerettars middag her også som smaka godt.

Torsdag 26.8 Nå hadde godveret kome, og ferjeturen over til Vangsnes, blei ein tur på dekk. Komen på land, køyrde vi opp til statuen «Fridtjof den Frøkne» som var gåve frå keiser Wilhelm II i 1913. I Vik er det tre kyrkjer, ei steinkyrkje, ei meir moderne og den gamle stavkyrkja Hopperstad frå ca 1140. Tilfeldigvis var det ein ung guide her som hadde sommarjobb, så vi fekk gå inn i kyrkja og han var flink til å fortelja.
Turen over Vikafjellet gjekk greitt og snart var vi i Smalahovetunet til Ivar Løne. Han tok i mot oss og viste korleis smalahova blei produsert, først på gamle måten. Då fekk Kristian Hauan syna at han kunne dette og praten gjekk om saueraser og sauebønder på Voss Kristian hadde møtt. Så fekk vi koma inn i produksjonslokalet og sjå ein imponerande «maskin» som gjorde jobben. Den var laga etter ide av ein oppfinnar frå Voss. Sauehovuda blei gjort klare samstundes med at vatn blei varma. Ca 70 000 smalahove i året var produksjonen.
Måltidet her var sjølvsagt smalahove, men enkelte ville heller ha pinnekjøt. Dei fleste åt godt. Fleire nytta høvet til å kjøpa med godvarer.
Turen gjekk vidare mot Hardangerfjorden, over Hardangerbrua frå 2013 og mot Eidfjord. Etter litt ventetid i Simadalen, blei vegen mot Kjeåsen åpna. Det var bratt opp og lang tunell opp til garden som ligg 530 m over fjorden, Etter ein liten spasertur sto vi ved dei to gardstuna, det eine eigd av Bjørg Wiik som er femte generasjon her, kjent frå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det andre er det utflytta fjotlending Ivar Risnes som eig. Vi fekk lov til å gå inn i huset, han ynskte sterkt at vi skulle ta turen. Bjørg Wiik var her og vi fekk helsa på ho, er i Oslo om vinteren. Då ho kom hit, var ikkje bilvegen komen, det var den gamle stupbratte stien der 13 skulebarn i si tid gjekk.
Kjeåsen blei eit av høgdepunkta på turen.  Etterpå køyrde vi til Ullensvang der det flotte hotellet venta med ein trerettars middag.

Fredag 27. august. Etter frukost og småtur langs eple- og plommehagar, gjekk turen heimover langs Hardangerfjorden, om Røldal og Haukeli og ned Setesdalen med god middag på Sølvgården. Vi var heime i kveldinga med mange inntrykk og gode minner.
Vi takkar dei tre frå Sirdalsbussen for flotte dagar. Turen var planlagt av Reidun saman med historielaget. Ho var med på turen saman med Arne som har vore med oss før. Sjåfør Bjørn  kjenner vi også frå før, ein trygg sjåfør som kjennar dei fleste vegar i landet, men hadde aldri vore til Kjeåsen. Alle tre gjorde ein flott jobb.

Tekst : ABE          
Foto : Fleire på turen