Tur til Grunnevassknuten 2021

Søndag 29.aug kom med klar blå himmel og god temperatur. Rundt 53 personar med naturlos Leif Hunsbedt starta ved Kvinavegen parkeringsplass, (591moh) ei stigning på rundt 350 m på 4,5 km. Turen opp stutedalen mot Svalavatnet, gjekk greitt, ein gamal ferdselsveg, nokså steinete, det var tyngst å gå ned. Siste stykket gjekk me i terrenget, fint høgfjellsterreng. Ved Moserinden venta oss ei overrasking. Der stod Ole Z klar med ei grundig orientering om hendingar frå 2. verdskrigen, om kanonstillingar og flytokter m.m.

Neste stopp var ved Bessestolen. Her hadde vi ein god pause med mat og Leif fortalde om Besse i Knaben. Segnene om Besse er mange. Han var svært religiøs, kunne tørka vottane på solstrålene, fekk uventa julemat då ein skrubb jaga eit reinsdyr utfor eit fjell og gjekk til kyrkje i Kvinesdal kvar preikesøndag. Dei venta på han der, siste gongen kom nokon berande med han frå Englemonen etter at englane skal ha ringt med kyrkjeklokkene. Det seiest at det er grunnen til namnet. Bessestolar og Bessebord er der mange av i dalen, tradisjonen om Besse er enno levande. Historiane er så gode at det er synd dei ikkje er sanne, skriv Johan Jerstad.

Grunnevassknuten var målet, eit frittståande fjell der ein kan sjå alle sju kommunane Kvinesdal grensar til, og dei høgaste toppane. Hytta på toppen av knuten, er eit kjennemerke i heiane . Hytta vart bygd i 1950, det norske flyvåpenet ville ha ein peilestasjon mellom Arendal og Stavanger. I dag er hytta privateigd.

Heimatt gjekk noen innom Kvina gruva, medan resten følgde Kvinavegen til enden av Smalavatnet. Der svinga ein del av mot Knaben 1 og fekk orientering om gruvedrifta, gjekk så tilbake til Kvinavegen, stutedalen, medan andre gjekk mot gapahuken ved Bergetjørn og ned. Det var mange lovord å høyra, fint høgfjellsterreng og perfekt ver, 11 km tur-retur, ikkje for stridt. For fleire var det første gongen her, men kanskje ikkje den siste.

Ref. Turid Stakkeland
Foto. Dag Runar Egeland