Fottur frå Knaben til Eftestøl

Tur Knaben – Eftestøl  23.august 2020

Vi starta tidleg med buss frå promenaden 8.00, frå gruvebygningen litt over  9.00. Turen var 12 km i luftlinje, og vi hadde periodar med regn, men også opphaldsver.

28 personar var med bussen, rundt 12 kom med frå Knaben, til saman  bortimot 50 stk. Leif Hunsbedt og Ingeborg Haughom var med som naturlosar.

Starten gjekk på god sti, litt stigning, så ned til Hommen gruver. Der hadde Leif ei orientering om gruva som blei bygd rundt 1913, og blei avslutta etter 1. verdskrigen 1918. Vi ser restar etter bygningar.

Turen vidare gjekk over Geiteryggen. Der er bratt nedstigning til Litlådalen. I botnen måtte vi vassa over ein bekk som var ganske stor etter eit par dagar med mye regn. Hjelpsomme hender sørgde for at alle kom velberga over.  

Eit par bekkar til måtte forserast før vi nådde Sagehytta ved Grodevatnet der vi hadde matpause. Noen fekk tømt skorne for vatn og bytta sokkar.

Ingeborg fortalde om oldefaren  Tønnes Mygland (1853- 1932 ) som fekk sett  opp vassag og hytte her. Det blei hogd ved og saga tømmer som blei frakta til Knaben med hest, opp Geiteryggen om vinteren, imponerande. Dei brukte også å ta vegen om Øyevatnet. Restar av hytta og saga ser vi, men sagspindelen ligg i 1.etasje på bygdemuseet på Fjotland.  

Hovudmålet med denne turen var likevel å setja opp ei minneplate i Burknehommen der Ingvald Tjørnhom vart funnen. På plata stod det: Til minne om Ingvald Tjørnhom  f. 29.08. 1939 som kom bort i Knabeheia 28.10. 2018. Ble funnet her 28.08.2019. Leif festa plata på ein høveleg stein og sa noen ord, det samme gjorde to av døtrene til Ingvald. Sverre Eftestøl deltok med munnharpespel. Det blei ei fin og verdig stund. Så gjekk vi på vestsida av austre Bjørnvassfjellet, ned mot Bjørnvatna, hadde ein god matpause til. Resten av turen, dei siste 3-4 km, gjekk vi langsmed Litlåne, mye myr, ganske blautt og tungt. Men alle nådde ned til Eftestøl før bussen skulle gå 17.30.

Ref.: Turid Stakkeland