Førjulsmøte 2013

Torsdag 5. desember var dagen for det tradisjonelle førjulsmøtet. Dagen starta med eit ekstremt vær med masse regn, vind opp i storm, så snudde vinden på nord like sterk. Straumen blei borte i store delar av bygda og bygdene rundt. På veg til møtet, såg Kenneth for seg ein liten flokk rundt eit bord med masse telys. Men litt over kl. 6, kom straumen att i Klubbhuset. Folk kom etter kvart, mange måtte kle seg i talgelys og gå heimafrå i mørket. Så Kenneth kunne ynskja velkomen 70 personar. Fele gruppa Valium starta kvelden før Siv Ellen Omland fekk ordet. Ho fortalde om boka «Spionens kamp» om Noralv Nilsen frå Hidra. Heldigvis fekk Siv kontakt med han før han døydde. Han fortalde opent om livet sitt; om ein vanskeleg og ofte vond barndom og ungdom og om det han opplevde under krigen som XU agent. Han sat på Grini då krigen slutta, der han tross sjukdom, hjelpte mange fangar på sjukeavdelinga.

God risgraut og kaffi får alltid praten rundt borda fram. I tillegg kunne folk kjøpa boka til Siv, saueboka til Arnold og Gustava Kielland – boka saman med andre av Ådne Fardals Klev bøker.

Etter pausen kom Ole Z Torkildsen og fortalde litt om Grini og song Grinisongen av Otto Nielsen.

Ådne Fardal Klev har laga ei bok med Gustava Kielland sine eigne «erindringar» Desse er utgitt før, men ikkje alt var med då. Ådne har også tatt med dikt og songar av Gustava og funne fram til interessante foto og illustrasjonar. For oss som les boka, er det utruleg det Gustava minnest frå barndomen og det ho har lagt merke til både i naturen og hos menneska. Ådne leste opp små utdrag. Gustava var venn av prestefamilien Brochmann i Kvinesdal og har nok vore her på den gamle prestegarden ved Kvina.

Folk på møtet likte svært godt både det Siv og Ådne førte fram, pluss songen og musikken.

Ref.: ABE