Tur til Fjotlandsfjellet

25. mai, Kr. Himmelfartsdag, hadde Kvinesdal Historielag og kyrkja sin årlege fellestur. Den gjekk i år til Fjotlandsfjellet. Me kjørte først omkring 2 km. innover mot Eftestøl, deretter gjekk me i lett terreng og med jamn stigning mot toppen som ligg 615 m.o.h. Denne delen av turen tok ca. 40 min.

På toppen var det litt kaldt, men me fann ein lun plass til matpause og andakt. Julia Engstrand talte over teksta for dagen. Tor Mygland orienterte litt om det me såg frå fjellet før me starta på nedturen, om Røyland. Her var det meir ulendt å gå; myrar, kratt og til slutt ein bekk å kryssa som var ganske stor etter alt regnet som hadde vore tidlegare. Frå Røyland gjekk me siste delen av den gamle kyrkjevegen som gjekk frå Knaben gard, om Håland, Førlandsås, Røyland og så til Fjotland. Vegen var godt synleg store deler, men på myrane var den heilt vekke. Då var det bra at me fekk hjelp av ein lokalkjent person, Gunvald Vatland. Han gjekk med oss til Vigje der stien slutta, me andre gjekk noen hundre meter på asfalt bort til kyrkja der ein del av bilane stod parkert.

Turen var passeleg anstrengande, og passeleg lang, 2 – 2.5 timars gangtid, og godt og lagleg ver gangver. 47 personar var med.