Tur til Gunforsmoen

Dette var den siste fotturen iår. Vi parkerte ved Steintland, og derifrå gjekk vi på god grusveg 4 km, litt stigning i starten. Vegen stod ferdig i 2016, og vart bygd av Dag Adolfsen. Omkring 45 personar var med . Opphaldsver og god temperatur. Det blei etterkvart ei lang rekke, noen gjekk i eitt utan stopp, medan andre gjerne ville ha fleire små stoppar undervegs.
Desse siste stoppa ved hotell Viktoria nær Berketjødn, og Ragnhild fortalde om bygget. Det vart sett opp før krigen av Tobias Steintland og sønene Adolf og Trygve, og brukt som hytte. Dei dekka det til under krigen , var redd at tyskarane skulle ta den.
Her var det slutt på grusvegen, vi gjekk dei siste 2 km på myr, noen stader veldig blautt etter alt regnet, andre stader fast underlag og lett å gå.

På Gunforsmoen står der eit fint og velstelt lite hus, og det var fint og velstelt rundt huset. Huset vart flytta frå Galdal av dei som eig plassen. Tre av dei var søstrene Bette Høydal 93 år, Solveig Rostøl 89 år og Martha Rostøl 86 år. Son til Martha, Tommy, kjørte desse tre inn på sekshjular. Dei hadde fyrt i omnen og kokt kaffi på kaffikjelen. Utanfor var det laga bål, og folk hadde det fint med nistematen

Jan Arve las opp noe som Bette Høydal hadde skrive om Gunforsmoen, (sjå her), dei fortalde noen historier i tillegg, fleire hadde spørsmål.
Vi gjekk same vegen tilbake. Heimturen starta i litt duskregn, det blei opphald etter kvart og vi avslutta med sol. Ein fin dag.

Ref./Foto : Turid Stakkeland